Denne artikkelen omhandlar Austerrike si historie.

Keltarar, romarar og folkevandring ca. 100 f.Kr.-700 e.Kr. mini|Romerske provinsar og byar innanfor Austerrike sitt noverande område

Den første statsdanninga i det som skulle bli Austerrike, var eit keltisk kongerike, kalla Noricum, omkring 100 f.Kr. Størstedelen av området blei hærsett av Romarriket omkring 15 f.Kr. Keisar Claudius oppretta den romerske provinsen Regnum Noricum, som hadde omtrent dei same grensene som Austerrike har i dag. Aust for Vindobona (det noverande Wien) låg den største romerske byen, Carnuntum. Andre viktige byar var Virunum (i dag Klagenfurt) og Teurnia (i nærleiken av Spittal an der Drau).

Etter kristendommen breidde seg ut på 100-talet, begynte den langsame nedgangsperioden til Romarriket og etter kvart folkevandringane. Etter gotarane, slavarane og avararane sitt lange press mot provinsen Noricum begynte bajuvararane sine busetjingar på 500-talet, medan det noverande Vorarlberg blei busett av alemannarane. I det nordlege alpeområdet etablerte det bayerske hertugdynastiet seg frå 500-talet.

Frankarriket og Det heilage tysk-romerske riket 700-1806 For detaljar, sjå hovudartiklane: Frankarane og Det tysk-romerske riket

mini|Friedrich I. Barbarossa Store delar av Austerrike høyrte på slutten av 700-talet til det bayerske hertugdømmet, som var ein del av Frankarriket under Karl den store. Etter delinga av riket til Karl den store blei Austerrike ein del av Det tysk-romerske riket. Regionen som svarar til det noverande Niederösterreich fekk under karolingarane namnet Marchia orientalis, som er latin for den austlege marka. Dette grenselandet i den søraustlege delen av riket blei kimen til det seinare Austerrike. Området gjekk derimot tapt til Ungarn i 907. Først etter Lechfeldslaget i 955 kunne karolingarane igjen ekspandere mot aust, og det oppstod då nye hertugdømme og markgrevskap. Dermed begynte også ein ny bayersk busetjingsbølgje.

I 976 oppstod den eldste landeininga innanfor grensene av det noverande Austerrike i form av det sjølvstendige hertugdømmet Kärnten. Det same året overlet keisar Otto 2. Marchia Orientalis til Leopold 1. av Huset Babenberg som eit markgrevskap. År 996 støyter ein for første gong på namnet Ostarrîchi. Ostarrîchi kom seinare til å utvikle seg til Österreich – riket i aust. Huset Babenberg si tid som herskarar fortsette framgangsrikt med ein målbevisst koloniseringspolitikk som konsoliderte datidas Austerrike. Leopold 3. intrigerte framgangsrikt da han valde å alliere seg med Henrik 5. og dermed medverka til sigeren hans over faren, Henrik 4.. Leopold gifta seg med Agnes von Hohenstaufen, søster av Henrik 5. og dotter av Henrik 4. Leopold grunnla mange kloster og blei derfor erklært som helgen etter sin død.

Babenbergerne blei herrar over Bayern i 1139, men dette skapte samtidig konflikt mellom hohenstaufarane og welfarane. Striden blei avslutta då Fredrik Barbarossa gav Bayern tilbake til welfarane. Som «plaster på såret» fekk Austerrike status som hertugdømme i 1156 (Privilegium Minus). Den første austerrikske hertugen blei Henrik 2. «Jasomirgott» som var den som først utnemnde Wien til residensby. I 1186 fekk babenbergarane kontroll over Steiermark.

Babenbergerne blei etterfølgd av habsburgarane i 1278. For å understreke den særlege status sin gjorde dei hertugdømmet Austerrike til eit erkehertugdømme gjennom ei forfalska erklæring kalla Privilegium Maius. Dei utvida herskarområdet fram til 1525 og blei ein maktfaktor i Det heilage romerske riket. Dei seinare babenbergarane hadde knytt Steiermark med Austerrike, og habsburgarane klarte å skape eit større maktområde gjennom å tileigne seg Kärnten, Tirol, Krain og fleire andre område, som samla blei kalla Herrschaft zu Österreich. Frå 1438 besette dynastiet nesten gjennomgåande den tysk-romerske kongen - og dermed også keisarrangen.

I ein tohundreårsperiode, frå seint på 1400-talet fram til 1690 blei dei habsburgske landområda konstant utsett for åtak frå Det osmanske riket. Først med den berømte prinsen Eugene av Savoie lukkast det å slå «tyrkarane» tilbake til Beograd. Reformasjonen av kyrkja slo i byrjinga raskt gjennom, men blei i løpet av 1600-talet slått tilbake.

mini|Keisarinne Maria Theresa omgitt av familien sin på Schönbrunn slott 1713 blei det med den pragmatiske sanksjon for første gong laga ei grunnlov gjeldande for alle dei habsburgske landområda. Den fastslo at etter keisar Karl 6., som ikkje hadde nokon mannlege arvingar, skulle hans dotter Maria Theresia følgje han som dronning av dei austerrikske arvelanda. I den austerrikske arvefølgjekrigen lukkast det i hovudsak for det nye huset Habsburg-Lothringen å tileigne seg makta i arvelanda. Da Prøyssen og Russland i det 18. hundreåret delte Polen, fekk Austerrike tildelt Galizia og Lodomeria.

Franz 2. grunnla i 1804 keisarriket Austerrike og tileigna seg som Franz 1. tittelen som Keisar av Austerrike. I 1806 nedla han likevel etter press frå Napoleon keisarkrona for det heilage tysk-romerske riket, og med det opphøyrde dette de jure å bestå. Såleis var han i to år den einaste dobbeltkeisaren i historia.

Keisarriket Austerrike (1804-1867) og dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn (1867-1918) For detaljar, sjå hovudartiklane: Keisardømmet Austerrike og Austerrike-Ungarn

Det nye keisarriket Austerrike var ein etnisk blanda stat, som attåt tysk også talte ungarsk, italiensk, tsjekkisk, polsk, ukrainsk, jiddisch, rumensk, kroatisk, serbisk, slovakisk og slovensk. Da området tidlegare hadde høyrt under det heilage romerske riket, inngikk det frå 1815 i Det tyske forbundet, og den austerrikske sendemannen hadde formannskap i forbundsforsamlinga der. Landsdelen Salzburg tilfall i 1816 som hertugdømme det austerrikske keisarriket, etter at det hadde vore eit sjølvstendig fyrsteerkebispedømme sidan 1328.

Den førande politikaren i den austerrikske Biedermeier-tida var utanriksminister og seinare kanslar Metternich. For han gjaldt det å holde befolkninga i ro med sensur og angivarar for å oppretthalde den gamle orden: Det absolutte monarkiet, eineveldet. Dei same måla hadde dei på denne tida også i Preussen og Russland, og saman grunnla desse tre monarkia den heilage alliansen. I denne periode fann industrialiseringa av Austerrike også stad. I 1837 køyrte det første damptoget mellom Floridsdorf og Deutsch-Wagram, som var første del av nordbanen - den viktigaste banestrekninga i monarkiet.

Under revolusjonen i 1848 ønskte innbyggjarane i monarkiet demokrati og sjølvstende, og kanslar Metternich måtte gå i eksil i England. Berre den keisarlege arméen under Radetzky, Jelacic og Windisch-Graetz og hjelp frå den russiske arméen sikra at monarkiet overlevde. Den 2. desember 1848 avløyste den 18-årige Franz Joseph den sjuke keisar Ferdinand 1. Den uerfarne herskaren stilte i 1849 dei opprørske ungararane for retten, og let eit dusin av dei øvste ungarske hærførarane avrette. Hans popularitet var i dei første 20 åra av regjeringsperioden liten.

Med slaget ved Solferino i 1859 tapte Austerrike overherredømmet i Nord-Italia og med slaget ved Königgrätz tapte dei leiarskapen i det tyske forbundet. Den derigjennom svekte keisaren måtte gjennomføre djuptgripande reformer og oppgi sin ny-absolutte regjeringsmåte. Trass i hans seige motstand følgde no ei omdanning til eit konstitusjonelt monarki.

Med Ungarn inngikk dei i 1867 ein avtale som gjorde det austerrikske monarkiet til det austerriksk-ungarske dobbeltmonarki. Fordelane for ungararane, som blei uavhengige av den austerrikske innanrikspolitikken, skjerpa nasjonalitetskonfliktane med dei øvrige befolkningsgruppene i monarkiet. Mens alle nasjonalitetar var representerte i det austerrikske riksrådet og stemmeretten blei innført i 1907 for alle menn, så blei dei ikkje-ungarske nasjonalitetane sterkt forfordelt i den ungarske riksdagen, og det kom heller ikkje ein allmenn stemmerett i Ungarn før i 1918.

Etter det tvungne tilbaketoget frå Tyskland og Italia hadde monarkiet sett seg ut sig Søraust-Europa som det nye maktområdet. Men der var det nasjonale sørslaviske statsplanar (støtta av Russland), som konkurrerte med planane for det overnasjonale monarkiet. Habsburg blei for mange politiske aktivistar på Balkan til fienden, som forhindra den nasjonale frigjeringa.

Attentatet i Sarajevo i 1914 førte til første verdskrigen, som i 1918 førte til den endelege avslutninga av det kongeleg-keisarlege monarkiet.

Grunnlegginga av republikken (1918)

Ved slutten av første verdskrigen hadde Austerrike-Ungarn falle frå kvarandre. Den 21. oktober 1918 kom medlemene av det tysktalande riksrådet for første gong saman som den provisoriske nasjonalforsamlinga for Tysk-Austerrike. Møtet blei leidd av Karl Seitz. Forsamlinga blei - også under Seitz sitt formannskap - kalla statsråd og sette den 30. oktober 1918 saman den første tysk-austerrikske regjeringa. Den første kanslaren blei sosialdemokraten Karl Renner, som i 1945 på ny skulle kome til å spele ei viktig rolle ved grunnlegginga av Den andre republikken. På det gamalausterrikske området, som var busett av menneske som fortrinnsvis talte tysk, oppstod såleis ein ny stat.

Den enno fungerande keisarlege regjeringa forsøkte i førstninga av november 1918 å trekkje det tysk-austerrikske statsrådet med inn i avgjerdene om våpenstillstand. Men statsrådet bestemte seg for at monarkiet, som hadde begynt krigen, også sjølv måtte avslutte han. Våpenstillstanden mellom Austerrike og Italia av 3. november 1918 var såleis enno keisar Karl 1. og hans keisarlege regjering sitt ansvar. Dei ungarske troppene hadde allereie forlate fronten i slutten av oktober, da dei gjekk ut av realunionen med Austerrike.

Førande politikarar frå den keisarlege regjeringa og frå statsrådet utarbeidde saman erklæringa der Karl 1. den 11. november 1918 fråsa seg all deltaking i staten sine saker. Det var ikkje det same som at han abdiserte, men avgjersla om den framtidige statsforma var de facto gjort. Den 12. november avgjorde den provisoriske nasjonalforsamlinga formelt at staten Tysk-Austerrike var ein demokratisk republikk.

Første republikk (1918-1938) fram til 1934

I republikken fekk alle kvinner for første gong stemmerett. I koalisjonsregjeringane 1918-1920 blei fleire betydelege sosiallover vedtatt (f.eks. 8-timarsdagen, sosialforsikring osv). Adelen blei avskaffa i april 1919. Medlemer av Habsburg-Lothringen-familien kunne berre opphalde seg i Austerrike om dei erklærte seg som borgarar i republikken og fråsa seg all makt. "Den tidlegare beraren av krona" (som det heitte i lovaHabsburgarlova av 3. april 1919) blei da han motsette seg abdisering forvist for evig tid frå landet. Han var likevel reist til Sveits på førehand for å unngå internering. Karl 1. døydde i 1922 på Madeira, mens hans hustru Zita von Bourbon-Parma døydde i 1989. Den 13. juli 1935 oppheva forbundskanslar Schuschnigg landsforvisninga, og Zita og det tidlegare keisarparet sin son Otto von Habsburg kunne atter besøkje Austerrike, noko som likevel først skjedde frå 1966, da også Otto von Habsburg måtte fråseie seg retten til trona. Frå den 1. januar 2007 har Otto sin son Karl fått overdratt funksjonen som Habsburg-familien sitt overhovudIfølgje den offisielle web-sida for Otto von Habsburg http://www.twschwarzer.de/ottobio.htm

Somme område der fleirtalet av befolkninga talte tysk (f.eks. Egerland, Sydmähren og Sydtyrol) fekk etter krav frå sigerherrane ikkje bli verande i Austerrike. I Saint-Germain-traktaten blei det bestemt at namnet på staten skulle vere "Republikken Austerrike", og den tilslutninga til den nye tyske republikken som forfatninga føresette blei forboden.