Ole Myrvoll () var ein norsk økonom og politikar for Venstre og Det Nye Folkepartiet.

Utdanning og yrkeskarriere Myrvoll blei fødd i Kragerø. Han blei uteksaminert som cand. oecon. i 1935, og tok mastergrad ved University of Virginia i 1937. Han arbeidde ved Norges Handelshøyskole i Bergen og fullførte doktorgrad der i 1957. Han var professor i teoretisk samfunnsøkonomi ved NHH frå 1957, og var gjesteprofessor ved Colgate University New York (1958–1959) og Bowdon College i Maine (1962).

I 1947 kom han inn i formannskapet i Bergen for Venstre.

Regjering 28. august - 25. september 1963: Statsråd og sjef for Løns- og prisdepartementet (løns- og prisminister) i den kortliva regjeringa Lyng. 12. oktober 1965 - 17. mars 1971: Statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) i Regjeringa Borten

Ordførar i Bergen Frå 1972 til 1973 var han den første ordføraren i den samla storkommunen Bergen.

Stortingsrepresentant Då Venstre blei splitta i 1972 gjekk Myrvoll med i Det Nye Folkepartiet (seinare Det Liberale Folkepartiet). I 1973 vart han valt inn på Stortinget for DNF, den einaste gongen partiet fekk valt inn ein stortingsrepresentant.

Stortingskomitéar 1973–1977 medlem i Kommunal- og miljøvernkomitéen

Seinare yrkeskarriere Etter tida si på Stortinget hadde Myrvoll ei rekkje styreverv, mellom anna som styreleiar for NORAD frå 1977 til 1983. Han døydde i Bergen.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske finansministrar Kategori:Norske løns- og prisministrar Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Lyng Kategori:Statsrådar i Regjeringa Borten Kategori:Ordførarar i Bergen Kategori:Venstreordførarar i Hordaland Kategori:DLF-ordførarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Det Nye Folkepartiet Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Norske økonomiprofessorar Kategori:Professorar ved Noregs handelshøgskole Kategori:Folk frå Kragerø