Olt (rumensk og ungarsk; tysk Alt; latinsk Aluta eller Alutus) er ei elv i Romania. Ho har kjelda si i Hășmașfjella aust i Karpatane, nær landsbyen Bălan. Ho renn gjennom dei rumnske fylka Harghita, Covasna, Brașov, Sibiu, Vâlcea og Olt. Elva vart kalla Alutus eller Aluta av romarane. Olt fylke og den historiske provinsen Oltenia er kalla opp etter elva.
Sfântu Gheorghe, Râmnicu Vâlcea og Slatina er dei største byane langs Olt. Olt munnar ut i Donau nær Turnu Măgurele.
Byar og landsbyar
Av byar og landsbyar langs Olt, frå kjelda til munningen, finn ein mellom anna Bălan, Sândominic, Miercurea-Ciuc, Sfântu Gheorghe, Făgăraș, Brezoi, Călimănești, Râmnicu Vâlcea, Drăgășani, Slatina og Drăgănești-Olt.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olt River» frå , den 3. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Administrația Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971 Trasee turistice - județul Olt Trasee turistice - județul Vâlcea
Kategori:Elvar i Romania Kategori:Harghita fylke Kategori:Covasna fylke Kategori:Brașov fylke Kategori:Sibiu fylke Kategori:Vâlcea fylke Kategori:Olt fylke Kategori:Teleorman fylke Kategori:Sideelvar til Donau