Nicole Richie () er ein amerikansk skodespelar, songar og dansar. Ho er best kjent for røyndomsserien The Simple Life, der ho deltok saman med barndomsvenninna Paris Hilton.
Richie er adoptivdotter av artisten Lionel Richie og Brenda Harvey-Richie, og har Michael Jackson og Quincy Jones som gudfedre.
Nicole Richie har ei dotter, fødd i januar 2008, med kjærasten Joel Madden, vokalist i punk-gruppa Good Charlotte.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nicole Richie» frå , den 7. juli 2008.
Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Folk frå California