Suler er ein familie, Sulidae, av sjøfuglar som stupdykkar etter fisk ved kystar og på ope hav. Dei varierer i lengd frå 60 til 85 cm og i vengespenn frå 141 cm til 174 cm. Vengene er lange, smale og skråstilte, halen er ganske lang og avsmalande, dei ytre stjertfjørene er kortare enn dei midtre. Flygemusklane er heller små, og lasten på vengene vert høg. Det er kompensert av ei straumlinja, torpedoforma kroppsform.

Sulene har trauste bein og føter med symjehud mellom alle fire tærne. Somme artar har bein og symjehud i kraftfulle og lyse farger som fangar merksemd. Nebbet har klår farge, det er langt, rett, konisk og kraftig ved rota. Øvre del av nebbet kurvar nedover mot spissen og kan bevegast opp for å gripe over store bytte. Naseopningane vert lukka under dukk. Auga er framoverretta for å gje samsyn og til hjelp for å berekne avstandar.del Hoyo et al. (2015)

Fjørdrakta har lys underside, raudfotsula kan ha lysebrun underside og mørkebrun overside. Sulene har ein gumpkjertel som skil ut eit voksfylt sekret som dei nyttar til å impregnere fjørene mot væte og skydde mot insekt. Generelt myter dei kontinuerleg for å oppretthalde normal flygeevne; halefjørene vert skifta ut uregelbunde, medan vengefjørene vert skifta ut etappevis slik at det alltid er somme gamle fjører att, og somme halvt utvaksne vengefjører samstundes som vengefjører vert felt.

Artar Suler i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Slekt Sula Maskesule, Sula dactylatra, Masked Booby, LC, Lesson, 1831 Nazcasula, Sula granti, Nazca Booby, LC, Rothschild, 1902 Blåfotsule, Sula nebouxii, Blue-footed Booby, LC, Milne-Edwards, 1882 Humboldtsule, Sula variegata, Peruvian Booby, LC, Tschudi, 1843 Brunsule, Sula leucogaster, Brown Booby, LC, Boddaert, 1783 Raudfotsule, Sula sula, Red-footed Booby, LC, Linné, 1766

Slekt Papasula Christmassule, Papasula abbotti, Abbott's Booby, EN, Ridgway, 1893

Slekt Morus Havsule, Morus bassanus, Northern Gannet, LC, Linné, 1758 Kappsule, Morus capensis, Cape Gannet, VU, Lichtenstein, 1823 Australsule, Morus serrator, Australasian Gannet, LC, Gray, 1843

Kjelder

Family Sulidae i del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (Henta frå http://www.hbw.com/family/gannets-boobies-sulidae den 24. januar 2015) Referansar

Bakgrunnsstoff

* Kategori:Suliformes Kategori:Sjøfuglar Kategori:Takson namngjevne av Heinrich Gottlieb Ludwig Reichenbach