Cibin (tysk Zibin) er ei elv sentralt i Romania sør i Transilvania. Ho har utspring nær den høgaste fjelltoppen i Cindrelfjella (òg kalla Cibinfjella) i Dei sørlege Karpatane. Ho startar der dei to elvane Râul Mare og Râul Mic renn saman. Elva renn berre innanfor grensene til Sibiu fylke.

Ho er ei av dei viktigaste sideelvane til Olt, som ho munnar ut i nær Tălmaciu. Den totale lengda hennar er 82 km.

Elva dannar ei senking (Sibiusenkinga), der byen Sibiu ligg. Nær fjella renn elva gjennom område Mărginimea Sibiului, som er kjend for sterke rumenske tradisjonar.

Dei største sideelvane til Cibin er Pârâul Negru nær Orlat, Hârtibaciu nær Mohu Sadu nær Tălmaciu.

Det er bygd ein dam i elva nær Gura Râului som vert nytta til vasskraftproduksjon og som er den største drikkevasskjelda til Sibiu.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cibin River» frå , den 6. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Administrația Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971 Trasee turistice - județul Sibiu

Kategori:Elvar i Romania Kategori:Sibiu fylke