Isaac Bashevis Singer (), jiddisch יצחק באַשעװיס זינגער Yitskhok Bashevis Zinger, var ein jiddischspråkleg forfattar, også kjend under pseudonymet Warshofsky.

Livssoge Isaac Singer var truleg fødd i november 1902, sjølv om han sjølv oppgav 14. juli 1904 som fødselsdato, i Radzymin nær Warszawa i Polen. Det blir òg hevda at han ikkje blei fødd i Radzymin, men i Leoncin, 4 mil nordaust for Warszawa.http://en.wikipedia.org/wiki/Leoncin; http://nobelprize.org/nobel_prizes/literature/laureates/1978/singer-bio.html Han voks opp i ein rabbinarfamilie, og budde i ungdomen i Warszawa og i den jødiske småbyen (shtetlen, jiddisch דער שטעטל der shtetl) Biłgoraj. Som den eldre broren Israel Joshua Singer byrja han tidleg å publisere journalistikk og skjønnlitterære forteljingar. I 1935 utvandra han frå Polen til USA, der han kom til å skrive for den jiddischspråklege sosialistiske New York-avisa Forverts (jiddisch פֿאָרװערטס, engelsk Forward), og publisere mange romanar og noveller.http://yiddish.forward.com/ I 1978 fekk han nobelprisen i litteratur, med denne grunngivinga: «For hans intensive forteljarkunst, som med røter i ein polsk-jødisk forteljartradisjon levandegjer universelle menneskelege vilkår».

Om bøkene hans Forteljingane hans er ofte fantasifulle, med sterk draging til livet sine mysterium og mystifikasjonar. Dei er skrivne for eit publikum som kjenner til europeiske jødiske tradisjonar såvel som den jiddischkulturen som hadde sin mest fruktbare periode i byrjinga av 1900-talet, men har likevel lokka mange lesarar frå heilt andre kulturområde.

Blant dei mest kjende verka kan nemnast Satan i Goraj, ein historisk roman om hendingar kring Sabbatai Zvi, Trollmannen frå Lublin (roman) og dei sjølvbiografiske romanane Ein dag full av glede og På villspor i Amerika. Novella Jentl, om ei ung kvinna som kler seg ut som mann for å få studere, har også vorte film.

Singer skreiv så godt som berre på jiddisch, men mange av dei seinare bøkene hans vart tidleg omsette til engelsk.

Singer døydde i Surfside i utkanten av Miami i Florida i USA.

Bibliografi Bikher af yidish / Bøker på jiddisch Der sotn in goray. – Warszawa : Yiddish PEN-Klub, 1935 ; New York : Matones, 1943 Di familye moshkat. – 2 bd. – New York : Sklarsky, 1950 Mayn tatns bes-din shtub. – New York : Der Kval, 1956 ; Tel Aviv : Y. L. Perets, 1979 Gimpel tam un andere dertseylungen. – New York : Tsiko, 1963 Der knekht. – New York : Tsiko, 1967 ; Tel Aviv : Y. L. Perets, 1980 Der kuntsnmakher fun Lublin. – Tel Aviv : Hamenorah, 1971 Mayses fun hintern oyvn. – Tel Aviv : Y. L. Perets, 1971 Der bal-tshuve. – Tel Aviv : Y. L. Perets, 1974 Der shpigl un andere dertseylungen. – Jerusalem : Magnes, 1975 Mayn tatns bes-din shtub. – Jerusalem : Magnes, 1996

Bøker på norsk Hvorfor Noa valgte duen. Tegninger av Eric Carle. Overs. av Olaf Coucheron. Oslo : Gyldendal, 1974 Den usette : fortellinger. Utvalg og forord ved Gordon Hølmebakk ; omsett av Erik Gunnes. Oslo : Gyldendal, 1976 Fiender : en kjærlighetshistorie. Omsett av Gunvor Nyquist. Oslo : Aschehoug, 1977. Sjosja. Omsett av Kari og Kjell Risvik. Oslo : Aschehoug, 1979. Slaven. Omsett av Helge Simonsen. Oslo : Aschehoug, 1979. Fiender : en kjærlighetshistorie. Omsett av Gunvor Nyquist ; etterord av Haagen Ringnes. [Stabekk] : Den Norske bokklubben, 1980 Trollmannen fra Lublin. Omsett av Kari og Kjell Risvik. Oslo : Aschehoug, 1980 Ung mann søker kjærligheten. Omsett av Kari og Kjell Risvik ; illustrert av Ira Moskowitz. Oslo : Aschehoug, 1981 Fortapt i Amerika. Omsett av Kari og Kjell Risvik ; illustrert av Raphael Soyer. slo : Aschehoug, 1982 Kjærlighet og eksil. Omsett av Kari og Kjell Risvik. [Stabekk] : Den Norske bokklubben, 1987 Familien Moskat. Omsett av Kari og Kjell Risvik. Oslo : Aschehoug, 1987 Trollmannen fra Lublin ; Sjosja ; Fiender - en kjærlighetshistorie. [Trollmannen fra Lublin og Sjosja omsett av Kari og Kjell Risvik ; Fiender - en kjærlighetshistorie omsett av Gunvor Nyquist]. Oslo : Aschehoug, 1988 Åkrenes konge. Omsett av Kari og Kjell Risvik. [Oslo] : Aschehoug, 1989 Fiender : en kjærlighetshistorie Omsett av Gunvor Nyquist. [Oslo] : Aschehoug, 1990 Familien Moskat. Etterord av Carl Henrik Grøndahl ; omsett av Kari og Kjell Risvik. [Stabekk] : Den norske bokklubben, 1990 Attesten. Omsett av Kari og Kjell Risvik. [Oslo] : Aschehoug, 1993 Slaven ; Ung mann søker kjærligheten ; Fortapt i Amerika. [Slaven omsett av Helge Simonsen ; Ung mann søker kjærligheten og Fortapt i Amerika omsett av Kari og Kjell Risvik] Oslo : Aschehoug, 1995

Fotnotar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Isaac Bashevis Singer» frå , den 10. juli 2008.

Kategori:Askenasiske forfattarar Kategori:Askenasiske nobelprisvinnarar Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA