mini|Kart som viser Nordvikbukta. Nordvikbukta (russisk Бухта нордвик - Bukhta Nordvik) er ei bukt i Laptevhavet i Russland. Ho ligg søraust for Khatangabukta mellom to små halvøyar. Landtunga i vest er Urjung Tumus-halvøya, der den tidlegare landsbyen Nordvik låg. I Nordvik låg det ein frykta gulag, men landsbyen er i dag fråflytta. Halvøya i aust vert kalla Nordvikhalvøya med Kapp Peksa som det nordlegaste punktet. Aust for dette neset ligg Anabarbukta.

I 1930-åra var det noko tilvekst i området då dei første isbrytarkonvoiane gjekk i fart langs Nordaustpassasjen.

Nordvikbukta er 39 km brei og har form som ein halvsirkel. Ho er forholdsvis grunn med eit gjennomsnittleg djup på berre 6 meter. Rundt bukta ligg lågland og klimaet i området er særs hardt. Med særs lange og harde vintrar er Nordvikbukta islagd store delar av året.

Nordvikbukta og det omliggande område høyrer til Republikken Sakha.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nordvik Bay» frå , den 13. juli 2008. oppgav desse kjeldene: William Barr, The First Soviet Convoy to the Mouth of the Lena. Utforskinga av området Geografi Historia til området

Kategori:Bukter i Russland Kategori:Bukter i Nordishavet Kategori:Laptevhavet Kategori:Sakha