mini|Plasseringa til Tazbukta. Tazbukta eller Tazestuaret (russisk Тазовская губа, Tazovskaja guba) er ei lang bukta danna av elva Taz. Estuaret er om lag 250 km langt og startar ved byen Tazovskij og endar i Obbukta, som endar ut mot Karahavet. Estuaret er om lag 25 km breitt og er eit av dei største estuara i verda.

Estuaret startar ved munningen av Taz og elva Pur og strekkjer seg om lag frå nord til sør, før det snur vestover og opnar seg opp før ho endar ved Obbukta.

Det russiske energiselskapet Gazprom ønskjer å utvide gassproduksjonen i Tazestuar-området, der det skal eksistere enorme mengder gass.

Den russiske biologen og utforskaren Alexander von Middendorff fann ein frosen mammut nær Tazestuaret. Mammuten vart transportert til St. Petersburg i 1866.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Taz Estuary» frå , den 13. juli 2008. oppgav desse kjeldene: T. Armstrong, In Search of a Sea Route to Siberia, 1553-1619. Erki Tammiksaar & Ian R. Stone, Alexander von Middendorff og his expedition to Siberia (1842–1845) Gassproduksjon Største estuar i verda

Kategori:Bukter i Russland Kategori:Bukter i Nordishavet Kategori:Jamalo-Nenetsk