Arakamtsjetsjen (russisk Аракамчечен) er ei øy i Beringhavet. Ho ligg nord for Kapp Tsjaplino, nær kysten til Tsjukotka i Russland. Mellom øya og fastlandet ligg eit 8 km breitt sund. Øya er busett og den største busetnaden er landsbyen Janrakynnot.
Arakamtsjetsjen er 32 km lang og 21 km på det breiaste. Dei indre områda er fjellkledde. Sør for øya ligg øya Yttygran, og mellom dei eit 5 km breitt sund. Det er mykje kvalross på skjera ved øya.BBC - Science & Nature - - Explorer's Guide to the Arctic
I dag er øya ein populær turiststad for folk som vil oppleve dyrelivet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Arakamchechen Island» frå , den 14. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Plassering Bilete av kvalrossjegarar på Arakamtsjetsjen
Kategori:Tsjukotka Kategori:Øyar i Beringhavet Kategori:Øyar i Russland