mini|Spitzer Space Telescope-bilete av Andromedagalaksen i den infraraude delen av det elektromagnetiske spekteret. Andromedagalaksen (katalogisert M31 og NGC 224, òg kalla Andromedatåka) er den næraste spiralgalaksen til Mjølkevegen. Han ligg i omtrent 2,5 millionar lysår unna i stjernebiletet Andromeda og er det fjernaste objektet«Andromeda Galaxy», artikkel Philip's Encyclopedia s. 14-15 og den einaste galaksen«Andromeda Galaxy Shines in Spitzer's Eyes» - offisiell pressemelding frå JPL som kan sjåast med det blotte auga.

Galaksen er omtrent 260 000 lysår på tvers og inneheld omtrent éin billion stjerner; til samanliking er Mjølkevegen 100  000 lysår på tvers og inneheld eit par hundre milliardar stjerner.«Andromeda Adrift in Sea of Dust in New NASA Image» - offisiell NASA-pressemelding

Han var oppført i stjernekatalogen til Al-Sufi på 900-talet, og vart observert med teleskop første gong av den tyske astronomen Simon Marius i 1612. Spiralstrukturen vart påvist av den britiske amatørastronomen I. Roberts i 1888. Avstanden, som nå blir rekna til 0,7 mill. parsec (2,2 millionar lysår), vart først avgjort av Edwin Hubble i 1924 ut frå kefeidar i spiralarmane.

Andromedagalaksen har fem elliptiske dverggalaksar som satellittar.

Ein reknar med at Andromedagalaksen vil kollidera med Mjølkevegen om nokre milliardar av år.«Galactic merger to 'evict' Sun and Earth» - Artikkel hos New Scientist Space

Kjelder

Andromedagalaksen. (3. november 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014.

Kategori:Spiralgalaksar Kategori:Andromedagalaksen Kategori:Andromeda Kategori:Andromeda-gruppa Kategori:Den lokale gruppa Kategori:Messierobjekt Kategori:NGC-objekt