Valdresspringaren er ein type springar som høyrer heime i Valdres, der han også vert halden ved like. Tidvis har dansen vore rekna som ein av dei gjævaste springartypane, og har vore svært populær i seinare år.

Utføring

Ein utfører dansen på tosvikt, med tyngdepunktet på første slaget i takta. Danseparet slepper kvarandre heller lite gjennom dansen, som har fast danseretning. Kvar runde toppar dei med ein rundsnu, men før dette er det ei rekkje turar, som dei hektar i hop etter ønske. Guten fører jenta skiftevis med båe hender.

Turar i dansen

Skjeftestaket gjer dei ved at guten går baklengs under armen på jenta og så fører ho framfor seg.

Store sveipen tek oftast utgangspunkt i at guten har jenta på motsett hand av den opphavlege. Han svingar seg kring sin eigen arm, og i løpet av denne turen byter han hand, og svingar jenta med den rette handa. Ulike slag sveipar kan òg utførast utan handskifte (med båe hender).

Rundsnuen byrjar med at guten legg armen kring aksla på jenta, og svingar seg inn i eit samdanstak. Sjølve snuen byrjar med eit sprang på høgrefoten, og paret sviv til guten slepper jenta og går ut att i utgangsposisjon. Snuen byrjar på motsett fot samanlikna med Hallingspringaren.

Bakgrunnsstoff

Opptak av Valdresspringar i Amerika 1939 Valdresspringar på Herangtunet med Jan Beitohaugen Granli som spelemann (musikkvideo)

Kategori:Norske folkedansar Kategori:Valdres