Erik «Panzer» Hagen () er ein norsk fotballspelar. Han er midtstoppar, og er kjend for god fysikk og tøff spelestil.
Klubbfotball Vålerenga Hagen fekk kallenamnet «Panzer» tidleg i tida i Vålerenga. Han og midtstopparkollega Kjetil Wæhler var det beste stopparparet i tippeligaen i sesongen 2004, og Vålerenga sleppte inn berre 22 mål i sølvsesongen, ni færre enn Lyn som var det laget i Tippeligaen som sleppte inn nest færrast det året.
FK Zenit Omtrent samstundes med landslagsdebuten blei Hagen seld frå Vålerenga til den russiske klubben FK Zenit i St. Petersburg for om lag 8 millionar kroner. I 2005 spela Hagen 28 seriekampar for Zenit, og fekk 12 gule kort. I januar 2006 blei han vald til visekaptein på laget.
Sommaren 2007 var han ikkje lenger førsteval, og det var klart at Hagen ønskte seg vekk frå FK Zenit etter at den russiske klubben kjøpte ein ny midtstoppar.
Wigan Den 29. januar 2008 signerte Erik Hagen ein leigeavtale med Wigan, noko som sikra han spel i Premier League fram til sesongslutt. Den einaste kampen hans for førstelaget var i eit tap mot Portsmouth.
Retur til Vålerenga 29. juli 2008 blei Hagen presentert som ny spelar på Ullevål stadion før Vålerengas seriekamp mot Tromsø.
Landslagsspel I oktober 2004 debuterte Erik Hagen på det norske landslaget, 29 år gamal. Hagen har spela 28 A-landskampar for Noreg, og scora 3 mål (pr 2. august 2008).
Merittar Vålerenga Fotball Cup-meister: 2002 Nr 2 i Tippeligaen: 2004
FK Zenit Seriemeister: 2007 UEFA-cup meister: 2008
Personlege Erik Hagen fekk i 2004 Kniksen-prisen som Årets Forsvarsspelar og Årets Kniksen.
Kjelder Spelarprofil på heimesidene til Vålerenga Fotball
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:Folk frå Ringerike