Gard Kvale () er ein norsk symjar. Kvale, som representerer Bergens Svømmeclub, har styrken sin i medleyøvingane og dei lange friøvingane.
Kvale representerte Noreg under sommar-OL 2008 der han sette norsk og personleg rekord på 200 meter fri. Han gjekk likevel ikkje vidare til semifinale. Kvale vann heatet sitt, då han sumde inn til 1.48,73 i kvalifiseringa.
Kjelder
Kategori:Norske symjarar Kategori:Noregsmeistrar i symjing Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Symjarar under sommar-OL 2008 Kategori:Folk frå Bergen