Ngāruawāhia (uttalt ) er ein by i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Ved folketeljinga i 2006 hadde byen eit innbyggjartal på 5 106.Statistics New Zealand

Det har vorte sett fram to tydingar av namnet til byen. Den eine er 'lat opp matgrytene', som skal koma frå ein fest som vart halden for fleire hundre år sidan for å feira samlinga av to stammar gjennom eit bryllaup.Orientering om Ngāruawāhia frå Waikato District Council. Vitja 26. august 2008.

Ei noko lausare omsetjing av ordet Ngāruawāhia (Wāhia-ngā-rua) tyder 'staden til dei to elvene' på maorispråk, med tanke på at elvene Waipa og Waikato renn saman her.

Geografi mini|Waikatoelva renn gjennom Ngāruawāhia Ngāruawāhia ligg 20 km nordvest for Hamilton, der elvene Waikato og Waipa renn saman.

Invasjonen i 1863 Etter Invasjonen i Waikato i 1863 av britiske imperietroppar fekk byen namnet Newcastle, men det vart snart etter endra attende til Ngāruawāhia.

Kīngitanga Ngāruawāhia er hovudsete for maorirørsla Kīngitanga eller King Movement. Dette var den offisielle residensen til den avdøde maoridronninga Te Arikinui Dame Te Atairangikaahu. Tūrangawaewae Marae ligg på den austlege elvebreidda til Waikatoelva i Ngāruawāhia, og vart etablert her i 1921.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Ngaruawahia» frå , den 26. august 2008.

Kategori:Busetnader i Waikato Kategori:Byar på New Zealand