Dovenfuglar, Bucconidae, er ein familie i ordenen Galbuliformes som lever i regionen frå Sør-Amerika nord til Mexico. Dei 35 artane av dovenfuglar er nærmast relatert til jakamarar.

Dovenfuglar er små og tjukkfalne. I kroppsforma liknar dei mykje på jakamarar, men manglar dei glansfulle fargene til jakamarar. Hovudet er stort og tjukt, nebbet er kort og endar i ein liten krok. Fuglane har ein mørk og lite kontrastfull fjørdrakt. Rundt nebbrota vekst det ei sterk bust. Halen er vifteforma, vengene er korte og breie, eit unnatak er arten svaleveng (Chelidoptera tenebrosa) som har lange og meir spisse venger. Dovenfuglar kan variere i lengd frå 16 til 20 cm.

Levevis mini|venstre|Skjeldovenfugl, Nystalus radiatus Familien har namn etter måten dei jaktar, ein dovenfugl sit ofte urørleg på ei grein og ventar og snappar insekt i lufta som kjem nær. Dei tar sjeldan bytte frå bakken. Dei er hovudsakleg insektetarar, men kan og ta små virveldyr. Dovenfuglar hekkar i grupper eller som einslege par. Dei grev hòl i bakken eller i termittuer til reirplass. Inngangen til reiret vert kamuflert med greiner og blader. Kvart kull har to til tre kvite egg, begge foreldra ruger. Ungane oppheld seg i reiret i 20 til 30 dagar etter klekking.

Artsliste Dovefuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Slekt Notharchus Kvitpannedovenfugl, Notharchus hyperrhynchus, White-necked Puffbird, Sclater, 1856, (LC) Guyanadovenfugl, Notharchus macrorhynchos, Guianan Puffbird, Gmelin, 1788, (LC) Rustbukdovenfugl, Notharchus swainsoni, Buff-bellied Puffbird, Gray, 1846, (LC) Svartbrystdovenfugl, Notharchus pectoralis, Black-breasted Puffbird, Gray, 1846, (LC) Brunbeltedovenfugl, Notharchus ordii, Brown-banded Puffbird, Cassin, 1851, (LC) Perledovenfugl, Notharchus tectus, Pied Puffbird, Boddaert, 1783, (LC)

Slekt Bucco Brunkronedovenfugl, Bucco macrodactylus, Chestnut-capped Puffbird, von Spix, 1824, (LC) Tamatiadovenfugl, Bucco tamatia, Spotted Puffbird, Gmelin, 1788, (LC) Gråkinndovenfugl, Bucco noanamae, Sooty-capped Puffbird, Hellmayr, 1909, (NT) Rusthovuddovenfugl, Bucco capensis, Collared Puffbird, Linné, 1766, (LC)

Slekt Nystalus Skjeldovenfugl, Nystalus radiatus, Barred Puffbird, Sclater, 1854, (LC) Terrafirmedovenfugl, Nystalus obamai, Western Striolated-PuffbirdWhitney et al, 2013 Stripedovenfugl, Nystalus striolatus, Eastern Striolated-Puffbird, Pelzeln, 1856, (LC) Kvitøyredovenfugl, Nystalus chacuru, White-eared Puffbird, Vieillot, 1816, (LC) Flekkdovenfugl, Nystalus maculatus, Spot-backed Puffbird, Gmelin, 1788, (LC)

Slekt Hypnelus Ruststrupedovenfugl, Hypnelus ruficollis, Russet-throated Puffbird, Wagler, 1829, (LC)

Slekt Malacoptila Oransjenebbdovenfugl, Malacoptila fusca, White-chested Puffbird, Gmelin, 1788, (LC) Rustnakkedovenfugl, Malacoptila semicincta, Semicollared Puffbird, Todd, 1925, (LC) Halvmånedovenfugl, Malacoptila striata, Crescent-chested Puffbird, von Spix, 1824, (NT) Rustkragedovenfugl, Malacoptila rufa, Rufous-necked Puffbird, von Spix, 1824, (LC) Kvitskjeggdovenfugl, Malacoptila panamensis, White-whiskered Puffbird, Lafresnaye, 1847, (LC) Mørkdovenfugl, Malacoptila fulvogularis, Black-streaked Puffbird, Sclater, 1854, (LC) Mustasjedovenfugl, Malacoptila mystacalis, Moustached Puffbird, Lafresnaye, 1850, (LC)

Slekt Micromonacha Munkedovenfugl, Micromonacha lanceolata, Lanceolated Monklet, Deville, 1849, (LC)

Slekt Nonnula Raudbrystnovise, Nonnula rubecula, Rusty-breasted Nunlet, von Spix, 1824, (LC) Brunkinnovise, Nonnula sclateri, Fulvous-chinned Nunlet, Hellmayr, 1907, (LC) Brunnovise, Nonnula brunnea, Brown Nunlet, Sclater, 1881, (LC) Gråkinnovise, Nonnula frontalis, Gray-cheeked Nunlet, Sclater, 1854, (LC) Rustkronenovise, Nonnula ruficapilla, Rufous-capped Nunlet, Tschudi, 1844, (LC) Nøttehovudnovise, Nonnula amaurocephala, Chestnut-headed Nunlet, Chapman, 1921, (LC)

Slekt Hapaloptila Priorinnefugl, Hapaloptila castanea, White-faced Nunbird, Verreaux, 1866, (LC)

Slekt Monasa Svartklarisse, Monasa atra, Black Nunbird, Boddaert, 1783, (LC) Sotklarisse, Monasa nigrifrons, Black-fronted Nunbird, von Spix, 1824, (LC) Kvitpanneklarisse, Monasa morphoeus, White-fronted Nunbird, Hahn & Küster, 1823, (LC) Gulnebbklarisse, Monasa flavirostris, Yellow-billed Nunbird, Strickland, 1850, (LC)

Slekt Chelidoptera Svaledovenfugl, Chelidoptera tenebrosa, Swallow-winged Puffbird, Pallas, 1782, (LC)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Faulvögel» frå , den 27. august 2008.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Videoar med dovenfuglar

Kategori:Galbuliformes Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen