Heimste Skorkja (1323 moh.) er eit fjell som ligg på grensa mellom kommunane Fjord og Ålesund i Møre og Romsdal. Namnet vert brukt i Ørskog, der fjellet er synleg oppe i dalen ved Vaksvika. I Stordal heiter fjellet Sandegga og er synleg frå sentrumsområdet ved fjorden. Snaraste tilkomsten går frå bygda Dyrkorn i Stordal, som ligg vest for fjellet. Andre stader er vegen lengre, men lett å gå.
Uttrykket «skorkja» som del av namn på smale og spisse fjell er i bruk i eit avgrensa område som omfattar bygdene Vaksvika i Ørskog og Tresfjord i Vestnes. Det kjem frå den tida husdyr stod på svelteforing i fjøset gjennom vinteren. Det smale partiet frå nakken og eit stykke bakover ryggen på eit magert dyr vart kalla skorkja. Nordryggen på Heimste Skorkja er lang og smal og kan minne om noko sånt.
Kategori:Fjell i Fjord Kategori:Fjell i Ålesund Kategori:Fjell på Sunnmøre