Fet var ein norsk kommune i Akershus fylke. Kommunen grensa mot Skedsmo og Sørum i nord, Aurskog-Høland i aust og mot Trøgstad i sør. Den 1. januar 2020 vart Fet slegen saman med Sørum og Skedsmo kommunar til nye Lillestrøm kommune.

mini|venstre|Fetsund lenser mini|venstre|Fetsund stasjon

Dei viktigaste næringsvegane i kommunen var jordbruk, skogbruk og industri. Mange innbyggjarar hadde arbeid utanfor kommunen.

Ved utløpet til Glomma i innsjøen Øyeren ligg Fetsund Lenser. Tømmer frå skogane langs Glomma vart bunta saman og frakta med båtar til dei mange sagbruka langs Øyeren og i Lillestrøm. Lensene og området kring er teke vare på som museum, og framstår i dag som eit kulturminne og turområde.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Fet kommune (Offisiell nettstad) Fetsund Lenser

Kategori:Tidlegare kommunar i Akershus

Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2019