Tolbatsjik er ein kompleks vulkan på Kamtsjatkahalvøya lengst aust i Russland. Han består av to vulkanar, Plosky (flat) Tolbatsjik og Ostry (skarp) Tolbatsjik, og som namna tyder på så er den eine ein flat skjoldvulkan og den andre ein bratt stratovulkan.

Vulkanane er fleire tusen år gamle, men det siste utbrotet kom i 1975. Før utbrotet kom ei rekkje jordskjelv, som førte til at forskarar klarte å føresjå utbrotet. Utbrotet danna fleire nye sinderkjegler og ut i frå kor mykje lava som kom ut var utbrotet det største basaltiske utbrotet på Kamtsjatka i historisk tid.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tolbachik» frå , den 21. september 2008. oppgav desse kjeldene:

Plosky Tolbatsjik og Tolbatsjik lavafelt Fedotov S.A. og Markhinin Je.K. (Eds) (1983). The Great Tolbachik Fissure Eruption: Geological and Geophysical Data, 1975-1976. Cambridge University Press, 341 s. ISBN 0-521-24345-9

Kategori:Skjoldvulkanar Kategori:Stratovulkanar Kategori:Vulkanar i Russland Kategori:Fjell i Russland Kategori:Kamtsjatka kraj Kategori:Aktive vulkanar Kategori:Komplekse vulkanar