Tytebær, tyting eller tyttebær (Vaccinium vitis-idaea), er ein om lag 10 cm høg eviggrøn busk med krypande rotsystem, oppreiste skot og spreidde lêraktige blad med innrulla kant. Blomstrane er lysraude eller kvite og klokkeforma, og sit i endestilte klasar.
Tytebærlynget er ein nøysom plante, men for å setje frukt, treng han ikkje så lite lys. Dei beste tytebærstadene er difor nyhogde hogstflater på mark med låg bonitet, typisk på tørre furumoar. Tytebær et utbreidd over heile Norden og går i Jotunheimen opp til 1800 moh. Arten er kaldt-temperert og arktisk cirkumpolær.
Underartar
Det er to underartar av V. vitis-idaea, ein i Eurasia og ein i Nord-Amerika. Dei skil seg i storleiken på blada: V. vitis-idaea var. vitis-idaea L. — syn. V. vitis-idaea subsp. vitis-idaea. Eurasia. Blad 10-30 mm lange. Denne går under namnet Cowberry. V. vitis-idaea var. minus Lodd. — syn. V. vitis-idaea subsp. minus (Lodd.) Hultén. Nord-Amerika. Blad 5-18 mm lange. Denne går under namnet Lingonberry.
Eigenskapar og bruk
Tytebæret er raudt, og vert moge utpå hausten. Det inneheld rikeleg med organiske syrer, herunder konserverande benzosyre. Tytebærsyltetøy og tytebærsaft er derfor holdbar.
I eldre tid vart tytebærsaft bruka for oppbevaring av kjøt. Tytebær og tytebærsaft har vore bruka medisinsk, blant anna mot feber. Ein har òg koka te på tytebærblada.
Galleri
Kjelder
C.A.M. Lindman Nordens Flora. Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-8 Johannes Lid Norsk og svensk flora. Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2 Knut Fægri: Norges planter. J.W. Cappelens Forlag 1958 Carl Gottlob Rafn: Danmarks og Holsteens Flora. Kiøbenhavn 1800
Bakgrunnsstoff
Kategori:Lyngfamilien Kategori:Bær Kategori:Subarktisk flora