Gösta Adrian-Nilsson, òg kalla GAN, () var ein svensk målar og forfattar. Adrian-Nilsson signerte arbeida sine GAN. Han vert rekna for å vere ein pioner for abstrakt og modernistisk kunst i Sverige. Han skreiv også dikt, noveller og barnebøker.
GAN er bland anna representert på NationalmuseumNationalmuseum og Moderna museetModerna museet i Stockholm, Göteborgs konstmuseumGöteborgs konstmuseum, Kalmar konstmuseumKalmar konstmuseum, Malmö konstmuseum, Prins Eugens WaldemarsuddePrins Eugens Waldemarsudde og Kulturen i Lund. På det sistnemnde museet dannar verka til GAN, i lag med dei til sølvsmeden Wiven Nilsson, grunnstammen i ei permanent utstilling om modernismen. Dei etterlatne papirar hans er ved Universitetsbiblioteket i Lund.
Liv
Gösta Adrian Nilsson var fødd i Lund i Skåne. Han voks opp i Lund i ein del av byen som er blitt Nya stan, eller Nöden på folkemunne.
Han utdanna seg ved Teknisk Selskabs Skole i København og Zahrtmanns Skole på Kunstnernes Studieskole ved Akademiet København. Han gjorde også mange studie- og arbeidsreiser i utlandet, mellom anna til Berlin og Köln 1912-1914, der han vart påverka av arbeida til Vasilij Kandinskij og Franz Marc. Han utvikla si eiga form for ekspressiv kubisme der fascinasjonen hans for moderne teknologi og maskulin styrke fekk uttrykk. Mannlege idrettsutøvarar og sjømenn var hyppige motiv. Det var også skip, hamner og jarnbane. Uttrykket fekk drag av futurisme og konstruktivisme.
Mellom 1920 og 1925 budde og arbeidde han i Paris og der kom han i kontakt med Fernand Léger. På 1930-talet vart måleria hans surrealistiske, og på 1940-talet vart kunsten hans heilt abstrakt.
I ei dagbok han etterlét seg kalla GAN seg sjølv for ein outsider. Dette er blitt tolka av kunsthistorikarar som ei tilvising til at han fekk til dels mykje kritikk av svensk presse for sin modernistiske kunst, men også at han var homofil i ei tid då dette var tabubelagt og direkte forbode i Sverige. Han valde å skapa ein slags protestkunst der valet av motiv, som maskuline sjømenn, idrettsfolk og militære kan tolkast som eit uttrykk for den seksuelle legninga hans. Dette blir bekrefta i dagbøkene hans, der GAN sjølv fortel at særleg sjømennsmåeria stamma frå erotiske opplevingar.
Representert ved mellom anna desse samlingane Göteborgs konstmuseum Kulturhistoriska museet i Lund Moderna Museet i Stockholm Malmö Museum Malmö Konstmuseum Nationalmuseum Stockholm Waldemarsudde, Prins Eugens kunstmuseum i Stockholm
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gösta Adrian-Nilsson» frå , den 26. juni 2019.
Bakgrunnsstoff Lunds Domkyrka, Norrköpings Konsmuseum Hästtämjaren, Norrköpings Konsmuseum Arkivet etter GAN
Litteratur
Jan Torsten Ahlstrand: GAN : Gösta Adrian-Nilsson : perioden 1914–1932 Jan Torsten Ahlstrand: GAN : 1884-1920 : Gösta Adrian-Nilsson : Modernistpionjären från Lund. ISBN 91-85330-71-X
Kategori:Svenske kunstnarar