Fillan er ein tettstad og administrasjonssenteret i Hitra kommune i Trøndelag fylke. Staden har . Fillan ligg ved Fillfjorden aust på øya Hitra.

Frå 1886 var Fillan omfatta av Fillan kommune. Etter kommunesamanslåinga i 1964 vart det bygd nytt heradshus for Hitra kommune i Fillan. Ein valde å ikkje byggje heradshuset i det dåverande sentumet i Fillan, men i staden på eit ubebygd myrområde ved Riksveg 714. I åra etter vart det bygd ungdomsskule og samfunnshus i tilknyting til heradshuset. I 1977 vart Hitra videregående skole bygd på motsett side av vegen i forhald til ungdomsskulen. Frå 1980-åra er dette området etablert som det nye sentrumet i Fillan og det er bygd opp ulike servicetilbod. Attåt ymse butikkar finn ein her Hitrahallen, tannlækjar, brannstasjon og eit nytt helsetun som inneheld sjukeheim, lækjarkontor, terapibad og anna.

mini|venstre|Fillan kyrkje Fillan kyrkje frå 1789 er ei av dei eldste eksisterande kyrkjene på Hitra. I kommunesenteret finn ein også Kystmuseet i Sør-Trøndelag i dei tidlegare lokala til Hitra meieri.

Sjå òg Tettstader i Trøndelag

Kjelder

SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Sør-Trøndelag»

Denne artikkelen bygger på «Fillan» frå , den 23. september 2008.

Kategori:Geografi i Hitra Kategori:Tettstader i Trøndelag Kategori:Kommunesenter i Trøndelag