Helge er eit mannsnamn som kjem av det norrøne namnet Helgi, som igjen har opphav i ordet heilagr med tydinga ‘heilag’. I før-kristen tid var tydinga ‘heldig’ eller ‘sunn’, noko som kan vera knytt til det gammalhøgtyske ordet heil. Kvinnenamna Hege og Helga har same opphav.
Helge har namnedag 30. september i Noreg og Sverige.
Utbreiing «Helge» er eit vanleg namn i Noreg og Sverige, og «Helgi» er vanleg på Island.
Tabellen nedanfor gjev eit detaljert oversyn over populariteten til fornamnet Helge i nokre av dei det finst tilgjengeleg statistikk for. Land Blant landets menn Blant gutebarn Tal Prosent Rangering Tal Prosent Rangering Island Helgi (2004) 14. (2000-2004) 27. Noreg Helge (2006) 37. (2006) 291. Sverige Helge (2006) - (2006) (> 100.) Danmark Helge (2007) - (2005) (> 50.)
I Noreg var Helge eit vanleg namn på 1700-talet. Det var også mellom dei mest populære namna på gutar fødde i perioden frå om lag 1940 til 1955.
Historisk utvikling av populariteten til namnet Helge i Noreg.
Kjente personar med namnet Personane i lista er ordna kronologisk etter fødselsår. Helge Løvland (1890-1984), norsk tikjempar Helge Rosvænge (1897–1972), dansk operasongar Helge Ingstad (1899–2001), norsk oppdagar Helge Sivertsen (1913-1986), norsk politikar og idrettsmann Helge Seip (1919-2004), norsk politikar Helge Jordal (f. 1946), norsk skodespelar Helge Schneider (f. 1955), tysk komikar Ingar Helge Gimle (f. 1956), norsk skodespelar Helge Lund (f. 1962), norsk forretningsmann og konsernsjef i Statoil Helge Sunde (f. 1951), norsk pressefotograf Helge Bjørnstad (f. 1971), norsk idrettsmann Helgi Sigurdsson (f. 1974), islandsk fotballspelar Helge Lien (f. 1975), norsk jazzmusikar
Sjå òg Hälge, svensk teikneserie
Fotnotar
Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Førenamn av gammalhøgtysk opphav