Ekstremvêret Yrjan var eit ekstremvêr som råka Vesterålen, Troms og Finnmark den 17. desember 2002. Dette vart det einaste ekstremvêret i 2002, men seinare på vinteren, i januar 2003, vart Midt-Noreg råka av ekstremvêret Agda.
Troms og vestlege område av Finnmark observerte sterk storm, medan enkelte område i Aust-Finnmark fekk full storm og i Vesterålen liten storm, som ikkje karakteriserer til ekstremvêr. I indre område, som Narvik og Nordstraum i Kvænangen vart det observert sterk kuling, som er uvanleg her.
Hendinga fekk brei dekning i media, særleg i områda uvêret gjaldt for, og innbyggjarar i området var generelt godt førebudd. Det vart ikkje rapportert om skadar etter uvêret. Noko trafikkproblem vart det likevel og Hurtigruta låg vêrfast i Tromsø i fleire dagar. Fleire vegar stengd før uvêret slo til.
Kraftigast vind
Stasjon Middelvind (m/s) Vindkast (m/s) Helnes fyr 31 - Fugløykalven fyr 30 34 Fruholmen fyr 29 38 Sletnes fyr 25 32 Torsvåg fyr 24 34 Nordøyan fyr 24 31 Skrova fyr 24 30
Kjelder
Sjå òg Ekstremvêr i Noreg
Yrjan Kategori:Hendingar i 2002 Kategori:2002 i Noreg