Sula (russisk Сула) er ei elv i Nenetsia og Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Petsjora frå venstre.

Sula har ei lengd på 353 km og eit nedslagsfelt på  km². 101 km frå munningen har elva ei middelvassføring på 92 m³/s. Elva frys til i oktober-november og vert isfri att i mai eller tidleg juni.

Dei største sideelvane hennar er Sojma frå venstre, Bolsjaja Pula, Bolsjaja Jangyta og Kharjaga frå høgre.

Sula spring ut frå åsen Kosminskij i Timanhøgdene og renn hovudsakleg autover. Ho munnar ut i Petsjora ved landsbyen Ermitsa.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Сула (приток Печоры)» frå , den 29. september 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Nenetsia Kategori:Elvar i Komi