Ekstremvêret Finn var eit ekstremvêr som råka områda frå Nordmøre og Vesterålen 22. desember 2004 og var det einaste ekstremvêret i landet dette året. Det vart varsla full storm langs heile strekninga.

Vindstyrken vart ikkje så høg som skal til for å varsle ekstremvêr, men uvêret førte likevel til innstilte hurtigbåtar og ferjer, samt store forseinkingar for flytrafikken. Fleire fjellovergangar vart stengde og ved Bodø køyrte ein buss av vegen på glatt føre.. I Namsos tok vinden takplater på ein garasje.

Kraftigast vind Kraftigast vind mellom 22. desember kl. 01 og 23. desember kl. 01. Områda frå Nordhordland til Troms fekk opp i full storm i denne perioden.

Stasjon Middelvind (m/s) Vindkast (m/s) Kråkenes fyr 32 40 Fruholmen fyr 30 35 Svinøy fyr 29 41 Ona 29 34 Hekkingen fyr 29 33 Ytterøyane fyr 27 34 Hellisøy fyr 27 34 Fedje 27 33 Myken 27 33 Sklinna fyr 27 32 Røst 26 32 Nordøyan fyr 26 31 Bø i Vesterålen 25 32 Bodø 22 28 Tromsø 22 29

Sjå òg Ekstremvêr i Noreg

Kjelder

Finn Kategori:Hendingar i 2004 Kategori:2004 i Noreg