A Hard Day’s Night er det tredje albumet til The Beatles, gjeve ut 10. juli 1964 som filmmusikken til den første filmen deira med same namn. Albumet kom ut 26. juni 1964 i USA med litt anna innhald.

Albumet er det første til The Beatles der alle songane er originale, og det einaste albumet der alle songane er skrivne av Lennon/McCartney. Albumet inneheld nokre av dei mest kjende songane deira, som tittelsongen (med den særeigne opningsakkorden ein umiddelbart kjenner att) og «Can’t Buy Me Love» som begge vart store hittar på begge sider av Atlanteren. Albumet og filmen viser det klassiske bilete av The Beatles sidan det vart gjeve ut på høgda av Beatlemania.

Side ein av LPen inneheld songar som vart nytta i filmen, medan side to inneheld songar som vart skrive for, men som ikkje var med, i filmen. Dette er òg det første Beatles-albumet som vart spelt inn med firesporsopptakar, som gav gode stereomiksar.

I 2000 plasserte musikkmagasinet Q albumet på femteplass over dei 100 største britiske albuma gjennom tidene. Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte albumet på 308. plass over dei 500 største albuma gjennom tidene.

26. februar 1987 vart A Hard Day's Night offisielt gjeve ut på CD i mono. Albumet er enno ikkje gjeve ut i stereo på CD, men fleire av songane finst i stereo på samleplater.

Innhald

Amerikansk utgåve Den amerikanske utgåva av albumet vart gjeve ut 26. juni 194 av United Artists Records og inneheld sju songar frå filmen, «A Hard Day’s Night», «Tell Me Why», «I’m Happy Just to Dance With You», «I Should Have Known Better», «If I Fell», «And I Love Her» og «Can’t Buy Me Love». Her finst òg «I’ll Cry Instead», som vart skrive for filmen, men i siste liten ikkje nytta likevel. Den amerikanske utgåva inneheld òg fire easy listening-aktige instrumentale versjonar av Lennon/McCartney-songar av George Martin: «I Should Have Known Better», «And I Love Her», «Ringo’s Theme (This Boy)» og «A Hard Day’s Night». Albumet gjekk til topps på Billboard si albumliste, der han låg i heile 14 veker, det lengste dette året.Joel Whitburn, Top Pop Albums 1955-2001 (Menomonee Falls, WI: Record Research, 2001), 1178.

Den amerikanske utgåva er enno ikkje gjeve ut på CD offisielt.

Medverkande John Lennon: solo, harmoni og korvokal; rytmegitar og akustisk gitar; munnspel; sologitar på «You Can’t Do That»; piano på «Things We Said Today» og tamburin. Paul McCartney: solo, harmoni og korvokal; bassgitar og piano. George Harrison: sologitar (6- and 12-strengar); akustisk og spansk gitar; korvokal; solovokal på «I'm Happy Just To Dance With You»; harmonivokal på «Things We Said Today» og claves på «And I Love Her». Ringo Starr: Trommer, kubjølle, maracas og tamburin George Martin: piano

Salslister og salstrofé

Salslister Liste (1964–65)PlasseringAustralia (Kent Music Report)1Liste (1987)PlasseringListe (2009)Plassering

Salstrofé

Bakgrunnsstoff Beatles kommenterer kvar song Innspelingsinformasjon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «A Hard Day's Night (album)» frå , den 4. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1964 Kategori:Filmmusikkalbum frå 1964 Kategori:The Beatles-album Kategori:Musikkalbum produserte av George Martin Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Plateomslag av Robert Freeman Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Parlophone-album Kategori:Nummer-ein-album i Australia Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-album i Tyskland Kategori:Nummer-ein-album i USA 307 263