«Eight Days a Week» er ein song skrive av John Lennon og Paul McCartney, og spelt inn av The Beatles for albumet deira Beatles for Sale frå 1964.
Songen vart planlagt gjeve ut på singel, men til slutt vart han berre gjeve ut i USA den 15. februar 1965 der han gjekk til førsteplass. B-sida var «I Don't Want to Spoil the Party». Singelen vart gjeve ut i USA etter at radiokanalr spelte songen frå importerte eksemplar av Beatles for Sale, som ikkje vart gjeve ut i USA. Songen var heller ikkje på den amerikanske versjonen av Beatles for Sale kalla Beatles '65. Seinare vart han gjeve ut på det amerikanske albumet Beatles VI.
Paul McCartney har fortalt to historier om korleis tittelen på songen kom til. Den eine var at det var ein sjåfør som sa at han hadde jobba «eight days a week» då han køyrte McCartney til studio ein gong. Den andre forklaringa var at Ringo Starr ein gon sa dette feil.1984 Playboy-intervju http://www.music.indiana.edu,
Eight Days a Week var ein av dei første songane der bandet verkeleg eksperimenterte i studio. I løpet av to innspelingar på totalt nesten sju timar den 6. oktober brukte dei berre tid på denne songen. Dei første seks forsøka var med heilt forskjellige byrjingar og den noverande byrjinga var frå ei anna innspeling enn resten av songen.The Beatles Bible: Eight Days A Week Vitja 10. oktober 2008. Den endelege versjonen inneheld òg ein annan raritet, han vert tona inn i motsetnad til mange popsongar som vert tona ut på slutten.
Medverkande John Lennon – double-tracked solovokal, acoustic rytmegitar, klapping Paul McCartney – harmonivokal, bassgitar, klapping George Harrison – korvokal, sologitars, klapping Ringo Starr – trommer, klapping Personell per Ian MacDonald
Salslister og salstrofé
Salslister
Liste (1965)PlasseringUS Cash Box Top 1001Vest-Tyskland Media Control5
Salstrofé
Andre versjonar Songern har vorte spelt av Alma Cogan i 1965 The Supremes i 1965 Procol Harum i 1975 Billy Preston i 1976 The Runaways i 1978 Joan Jett i 1982 Lorrie Morgan i 1987 The Libertines i 2003 The Punkles B.E. Taylor i 2006
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eight Days a Week» frå , den 9. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Alan W. Pollack sin omtale av songen
Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Procol Harum-songar Kategori:The Dandy Warhols-songar Kategori:Billy Preston-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Belgia (Flandern) Kategori:Nummer-ein-singlar i Nederland Kategori:The Supremes-songar Kategori:Joan Jett-songar Kategori:The Libertines-songar