Flåvær fyrstasjon er eit fyr som ligg på den vesle Varholmen i Flåvær i Herøyfjorden, sørvest for Fosnavåg i Herøy kommune på Sunnmøre.

Fyret vart tent i 1870 og har ei fyrlykt som er plassert i toppen av fyrbustaden. I starten var fyret utstyrt med bevegelege skjermar og eit slags klippapparat av eldre fransk modell. Klippapparatet vart skifta ut i 1887 med eit meir moderne eitt.

I 1914 vart fyrbygningen ombygd og det vart sett inn ei ny lykt. Lyshøgda vart då auka med 1,1 meter til 16,8 meter over havet. I 1952 fekk fyret elektrisk straum og som reservekjelde vart det installert ein dieselmotor som generator. Fyret vart avbemanna og automatisert i 1979.

Sjå òg Fyr i Noreg

Kjelder

Bjørkhaug, Birger og Poulsson, Sven. Norges Fyr, Fra Stad til Grense-Jakobselv, bind 2. Grøndahl & søn forlag AS, 1987 Bakgrunnsstoff

Kategori:Fyr i Herøy i Møre og Romsdal Kategori:1870 i Noreg Kategori:Kulturminne i Herøy i Møre og Romsdal