Høle er ein tettstad, eit kyrkjesokn og ein bydel i Sandnes kommune i Rogaland fylke. Det var tidlegare òg ein kommune. Historisk har Høle vore ein del av Ryfylke, men er etter innleminga i Sandnes oftast vorte rekna til Jæren.

Høle tettstad Tetttaden har og ligg på vestsida av Høgsfjorden, 24 km austom Sandnes sentrum. Her ligg Høle kyrkje frå 1860. Aust for Høle ligg ferjestaden Lauvvik.

Høle sokn Høle sokn utgjer i dag den austlegaste delen av Sandnes kommune (krinsane Høle, Tengesdal, Ims og Bratthetland) med 1032 innbyggjarar (2013). I eldre tider var det derimot monaleg større. Det femna òg om noverande Forsand kommune og austre delen av Gjesdal kommune (Oltesvik og Dirdal.) I 1852 vart Forsand sokn utskilt, som den gong òg omfatta Dirdal. Ved kommunesamanslåinga 1965 vart Oltesvik krins overført frå Høle til Gjesdal sokn. I seinare tid er Seldal krins vorte overflytta til Høyland sokn.

Høle kommune Høle og Forsand høyrde til opphavleg til Strand kommune, men vart i 1965 utskilde som Høgsfjord kommune. 1871 vart den delt i to: Høle kommune og Forsand kommune.Arkivverket Høle kommune vart i 1965 nedlagd og føydd til Sandnes, med unnatak for Oltesvik krins som vart lagd til Gjesdal.SSB

Sjå òg Tettstader i Rogaland

Kjelder

SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Rogaland»

Kategori:Bydelar i Sandnes Kategori:Historie i Sandnes Kategori:Tettstader i Rogaland Kategori:Sokn i Stavanger bispedømme Kategori:Tidlegare kommunar i Rogaland Kategori:Jæren Kategori:Ryfylke