Dorrit Willumsen () er ein dansk forfattar. Ho debuterte i 1965 med novellesamlinga Knagen og har sidan fått utgjeve ei rekkje romanar, dikt- og novellesamlingar.
Det eigentlege gjennombrotet fekk Willumsen med romanen Marie frå 1984. Romanen handla om livet til Madame Tussaud og dei kostnadane kunstnarvirket kan ha for kjærleikslivet.
I 1986 utkom ei sjølvbiografisk erindringsbok kalla Suk hjerte.
Romanen Klædt i purpur, som kom ut i 1990, vart seinare omarbeidd for teater. Høyrespela Ud af billedet og Så længe smerten er usynlig kom ut i 1992.
I 1997 vart ho tildelt Nordisk Råds litteraturpris for Bang: en roman om Herman Bang. Sidan 1980 har ho fått kunstnarløn frå den danske staten..
Willumsen har sidan 1963 vore gift med lyrikaren Jess Ørnsbo. Saman har dei sonen Tore Ørnsbo som også er lyrikar.
Prisar og utmerkingar 1981 – Det Danske Akademis Store Pris 1983 – Den danske Kritiker-prisen 1984 – De Gyldne laurbær 1991 – Dansk LO's kulturpris 1993 – Dansk Blindesamfunds Radiospilpris 1995 – Søren Gyldendal-Prisen 1996 – Dansk Litteraturpris for Kvinder 1997 – Nordisk Råds litteraturpris for Bang : en roman om Herman Bang
Bibliografi
1965 – Knagen, novellesamling 1967 – Stranden, roman 1968 – Da, roman 1970 – The, krydderi, acryl, salær, græshopper, roman 1973 – Modellen Coppelia, noveller og dikt 1974 – En værtindes smil 1976 – Kontakter, dikt 1976 – Neonhaven, roman 1978 – Hvis det virkelig var en film, noveller 1980 – Danske fortællinger, noveller 1980 – Manden som påskud 1982 – Programmeret til kærlighed 1983 – Umage par, dikt 1984 – Marie: en roman om Marie Tussauds liv 1985 – Caroline, skodespel 1988 – Suk hjerte, roman på norsk: 1986 – Sukk hjerte omsett av Annie Riis 1989 – Glemslens forår, noveller. 1995 – Klædt i purpur, historisk roman 1997 – Bang : en roman om Herman Bang på norsk: 1997 – Bang : en roman om Herman Bang omsett av Knut Johansen 1997 – De kattens feriedage, munter forteljing 2000 – Koras stemme, roman 2001 – Tøs : et hundeliv 2003 – Bruden fra Gent, roman 2005 – Den dag jeg blev Honey Hotwing, novellesamling 2008 – Dage med slave, roman
Bakgrunnsstoff Om Dorrit Willumsen i Dansk Kvindebiografisk Leksikon Om Prisar og legat på litteratursiden.dk Bibliografi på bibliografi.dk Om Dorrit Willumsen hjå litteratursiden.dk
Denne artikkelen bygger på «Dorrit Willumsen» frå , den 11. april 2010.
Kategori:Danske romanforfattarar Kategori:Danske novelleforfattarar Kategori:Danske dramatikarar Kategori:Vinnarar av Nordisk råds litteraturpris Kategori:Det Danske Akademis Store Pris Kategori:Statens Kunstfonds hædersydelse Kategori:Folk frå København