mini|venstre|Skjold kyrkje Skjold er ein tettstad og eit sokn i Vindafjord kommune på Haugalandet i Rogaland fylke. Skjold var tidlegare også ein kommune. Tettstaden har og ligg ved nordenden av Skjoldafjorden.

Skjold sokn Skjold sokn var før i tida meir enn dobbelt så stort som no. I 1964 vart Flatnes krins overflytta til Vestre Vikebygd sokn, og i 1965 vart soknet halvert: Då vart Vordneset (seinare nemnt Skjoldastraumen) kapelldistrikt overflytta til Tysvær sokn, og same område vart i 1969 overført på ny til Nedstrand sokn.

I dag femnar soknet om den sørvestlegaste delen av Vindafjord kommune (krinsane Alendal, Ersland, Haugen, Egge, Austrheim og Langeland) og har 1 415 innbyggjarar (2013). Det høyrer til Haugaland prosti.

Skjold kommune Allereie då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Skjold ein av dei. Den omfatta då soknene Skjold, Vats og Tysvær. Tysvær vart frådelt som eigen kommune i 1849, og Vats vart frådelt i 1891, så deretter var Skjold kommune og sokn identiske. I 1964 vart Flatnes krins overført til Sveio kommune, og i 1965 vart kommunen oppløyst og oppdelt mellom kommunane Vindafjord og Tysvær.

mini|venstre|Skjold Sjå òg Tettstader i Rogaland

Kjelder SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Rogaland» Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)

Kategori:Tettstader i Rogaland Kategori:Tidlegare kommunar i Rogaland Kategori:Sokn i Stavanger bispedømme Kategori:Haugalandet Kategori:Geografi i Vindafjord Kategori:Historie i Vindafjord Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1965