Slaget om Petsamo vart utkjempa mellom finske og sovjetiske troppar i petsamoområdet nord i Finland under den finske vinterkrigen. De finske troppane var talmessig underlegne, men dei greidde å halde dei sovjetiske styrkane unna ei tid på grunn av terrenget og vêrtilhøva.

Stridsordning Finland Dei finske troppane var samansett av delar av det 10. kompaniet i Parkkina og delar av det 5. batteriet i Limhammar. Desse styrkane vart plasserte i ad hoc-formasjonar. Troppane var ein del av «Lapplandsgruppa» (Lapin Ryhmä) i den finske arméen, som hadde hovudkvarter i Rovaniemi. Troppane vart seinare styrkte med delar av 11. og 3. kompani, kalla «avdeling Pennanen» (Osasto Pennanen) etter kommanderande kaptein Antti Pennanen.

Sovjetunionen Sovjetunionen hadde den 14. arméen på Kolahalvøya. Arméen bestod av tre divisjonar (104. alpejegar- samt 52. og 14. divisjon). Sovjetunionen var talmessig overlegne, jamført med styrkane Finland rådde over.

Slaget Delar av den 104. divisjonen gjekk over grensa den 30. november 1939 og okkuperte den finske delen av Fiskarhalvøya. Det 242. infanteriregimentet frå den 104. divisjonen nådde Parkkina den 1. desember. Dei finske troppane trekte seg attende til Luostari. Den 52. divisjonen vart transportert til Petsamo med båt og tog og pressa finnane attende til Höyhenjärvi. Her greidde finnane å stoppe framrykkinga 18. desember, og å halde fronten der i to månader. I denne perioden greidde finnane å rekognosere og å gjere åtak bakom fiendelinene. Eit sovjetisk åtak den 25. februar tvinga dei finske styrkane attende til Nautsi ved Enare. Her var fronten til krigen tok slutt.

Freden I Moskvafreden vart Finland tvinga til å avstå delar av territoriet sitt til Sovjetunionen, mellom anna den finske delen av Fiskarhalvøya heilt nord i Petsamo. Sovjetunionen kom til å ta heile Petsamoområdet etter framhaldskrigen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Slaget om Petsamo» frå , den 20. oktober 2008.

Bakgrunnsstoff Finsk nettside om Pennanen og styrkane hans

kategori:Vinterkrigen Kategori:Sovjetiske slag Kategori:Finske slag Kategori:Hendingar i 1939 Kategori:Hendingar i 1940