Sylte er kommunesenteret og gard i Fjord kommune i Møre og Romsdal fylke. Staden har ligg ved Norddalsfjorden, nedst i Valldal. Valldalselva (også kalla Valldøla) renn ut i fjorden her. Sylte ligg på austsida av elva og elveosen, Muri ligg på motsett side av elva. Sylte er ein gamal gard (grend), men størstedelen av innmarka er no brukt til tomt for sentrumsbygg. Sjølve garden Sylte går om lag 2 km oppover i dalen og omfattar Ødegård og den skogkledde Syltemoa med sandtak.Tafjord, Leonhard (1966): Hus og heim - gard og grend. Norddal bygdebøker band II. Norddal sogenemnd. Fram til omkring 1955 var delar av Sylte ein allmening eigd av bønder oppover i dalen, på allmenningen stod naust og såkalla kyrkjebuder der bøndene kunne sette inn hesten og lagre private saker.Linge, Terje (2011): Årbok for Norddal. På den tidlegare allmenningen er det no bensinstasjon, bilverkstad og daglegvareforretning.

mini|venstre|Sylte kyrkje frå 1863. Her ligg Sylte kyrkje, barne- og ungdomsskulen Valldal skule og andre sentrumsfunksjonar som kommunehus og bank.

Sjå òg Tettstader i Møre og Romsdal

Kjelder

SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Møre og Romsdal»

Bakgrunnsstoff Eldre fotografi frå Sylte på nettstaden til Nasjonalbiblioteket

Kategori:Busetnader i Fjord Kategori:Bygder i Møre og Romsdal Kategori:Kommunesenter i Møre og Romsdal Kategori:Utgåtte tettstader