Unzja (russisk Унжа) er ei elv i Vologda og Kostroma oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 426 km lang og har eit nedslagsfelt på . 50 km frå munningen har elva ei middelvassføring på 158 m³/s, men vassføringa varierer mykje gjennom året. I vårflaumen er maksimumet 2520 m³/s og om vinteren heilt nede i 7,82 m³/s.
Unzja startar der elvane Kema og Lundonga renn saman og munnar ut i Unzjenskij-bukta i Gorkij-reservoaret. Ho frys vanlegvis til i november og er isdekt til april-mai.
Dei største sideelvane hennar er Viga, Neja og Mezja.
Langs Unzja ligg byane Kologriv, Manturovo og Makarjev.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Unzja» frå , den 23. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Vologda oblast Kategori:Elvar i Kostroma oblast Kategori:Sideelvar til Volga