Samur (russisk Самур) er ei elv i Kaukasus i Russland og Aserbajdsjan og munnar ut i Kaspihavet. Elva er 216 km lang og har eit nedslagsfelt på . Ho har ei middelvassføring på 14,8 m³/s.
Samur har utspring i vestlege område av Dagestan og den nedre delen av elva renn langs grensa mellom Russland og Aserbajdsjan, før ho munnar ut i Kaspihavet. Nær munningen deler ho seg inn i mindre greiner. Mykje av vatnet i Samur vert nytta til kunstig vatning og vassføringa i elva er sterkt redusert. Bruken av elvevatnet har vore ei langvarig kjelde til konflikt mellom dei to landa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Samur» frå , den 24. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Aserbajdsjan Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Dagestan Kategori:Den aserbajdsjansk-russiske grensa