Fuglar (klasse Aves) er varmblodige, eggleggjande, tobeinte virveldyr med karakteristiske fjør, venger og nebb. Det finst rundt 10 300 kjende nolevande fugleartar, noko som gjer Aves til den mest talrike klassen av landlevande virveldyr. Dei har habitat i økosystem over heile verda frå Arktis til Antarktis. Fuglar varierer i storleik frå ca. 5 cm for bikolibri til den ca. 2,5 meter høge strutsen.
Det er brei semje om at fuglane stammar frå ei utdøydd gruppe små tobeinte dinosaurar. Fossile funn viser at fuglane utvikla seg frå theropode dinosaurar i juratida rundt 150-200 millionar år tilbake. Den eldste kjende fugleliknande dinosauren er frå sein jura for ca. 150 millionar år sidan og er nemnt Archaeopteryx, «urfuglen». Ekte fuglar kan ha oppstått i krittida, frå ca. 100 millionar år sidan. Dei fleste paleontologar reknar fuglar som einaste dyregruppe, «klade», av dinosaurar som overlevde krit-tertiær-utryddinga for om lag 65,5 millionar år sidan.
Moderne fuglar er karakterisert av fjør, eit nebb utan tenner, dei legg egg med harde skal, dei har høgt stoffskifte, eit hjarte med fire kammer, og eit lett, men sterkt skjelett. Hos alle fuglar har forlemmene utvikla seg til venger. Dei fleste artar har flygeevne med enkelte unnatak som inkluderer strutsefuglar, pingvinar og ei rekkje ulike endemiske øyartar. Fuglar har også unik fordøyingskanal og luftvegssystem som er særs godt tilpassa flyging. Nokre fuglar, spesielt kråker og papegøyar, er blant dei mest intelligente dyreartane; ei rekkje fugleartar er observert i å tilverke og å bruke verktøy, og mange sosiale artar viser kulturell overføring av kunnskap på tvers av generasjonar.
Mange artar gjer lange sesongmessige migrasjonar, og mange fleire utfører kortare uregelmessige trekk. Fuglar er sosiale, dei kommuniserer via visuelle signal og gjennom rop og song, dei tar del i sosial åtferd medrekna samarbeid om hekking og jakt, flokkdanning og mobbing av predatorar. Dei fleste fugleartar er sosialt monogame, til vanleg for ein hekkesesong om gongen, nokre gonger i fleire år, men sjeldan for heile livet. Andre artar er polygyniske («fleirkoneri») eller, sjeldan, polyandriske («fleirmanneri»). Fuglar legg egga mest vanleg i eit reir og foreldra rugar dei fram til klekking. Ungane hos dei fleste fugleartar får omsut frå foreldra i ein lengre periode etter klekking.
Nokre fugleartar har stor økonomisk verd for menneske, for det meste som føde gjennom dyrehald eller jakt. Andre artar gjev gjøding, guano, dynefyll, dun og fjør, eller er til anna gagn som hjelp under jakt og fiske. Somme vert haldne fanga som populære kjæledyr. Fugleskapningar har vore skildra i kultur innan religion, poesi og populærmusikk.
Om lag 120-130 artar er utrydda som følgje av menneskeleg aktivitet sidan 1600-talet, og hundrevis før den tid. For tida er ca. 1200 fugleartar trua av utrydding som følgje av menneskeleg aktivitet, sjølv om det òg vert gjort arbeid for å verne bestandane. mini|upright|Sotterneflokk (Onychoprion fuscatus) på Bird Island ('Fugleøya'), ei av Seychellane. Evolusjon og taksonomi sjå òg Evolusjonen av fuglar mini|høgre|Archaeopteryx, den første kjende fuglen Den første klassifiseringa av fuglar blei utvikla av Francis Willughby og John Ray i utgjevinga deira frå 1676, Ornithologiae. Med utgangspunkt i Ornithologiae utarbeidde Carl von Linné i 1758 taksonomisystemet for klassifisering som framleis er i bruk.von Linné, Carl, Systema naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis. Tomus I. Editio decima, reformata. Holmiae. (Laurentii Salvii). (1758) p. 824. Fuglar er kategoriserte som biologisk klasse Aves i taksonomien til von Linné. Saman med søstergruppa, krokodillar, er Aves einaste gjenlevande medlemmer av dyregruppa, «kladen», Archosauria. Førebels er tilhøvet mellom dinosaurar, «urfuglen» Archaeopteryx og moderne fuglar uklåre og fagfolk har praktisert ulik bruk av termen Aves. Klassen har vore definert fylogenetisk som alle etterkommarar av den siste felles stamfaren til einkvar moderne fugleart, til dømes gråsporv, Passar domesticus, og anten Archaeopteryx, eller ein enno ukjent forhistorisk art nærare dagens fuglar.
Alle moderne fuglar ligg innanfor underklassen Neornithes, som har to underinndelingar, Paleognathae og Neognathae. Paleognathae inneheld det meste av ikkje-flygedyktige fuglar i ordenen strutsefuglar saman med ordenen tinamufuglar. Den andre hovudgruppa, Neognathae, inneheld alle andre fugleordenar.Livezey, Bradley C.; Richard L. Zusi Higher-order phylogeny of modern birds (Theropoda, Aves: Neornithes) based on comparative anatomy. II. Analysis and discussion. Zoological Journal of the Linnean Society 149 (1): 1–95. (januar 2007) Avhengig av taksonomisk standpunkt vil talet på kjende levande fugleartar variere alt frå 9800 til meir enn 10 300 artar.
Opphavet mini|venstre|Confuciusornis, ein fugl frå Kina (krittida) Fossile prov og intensive biologiske analysar har vist utanfor all rimeleg tvil at fuglar er theropode dinosaurar.Sjå t.d. Richard O. Prum "Who's Your Daddy" Science 322 1799-1800, som òg siterer R. O. Prum, Auk 119, 1 (2002) Meir spesifikt er dei medlemmer av Maniraptora, ei gruppe theropodar som inkluderer dromaeosaurus og oviraptorids, blant andre.Paul, Gregory S. Looking for the True Bird Ancestor. Dinosaurs of the Air: The Evolution and Loss of Flight in Dinosaurs and Birds. Baltimore: Johns Hopkins University Press. pp. 171–224. (2002) ISBN 0-8018-6763-0. Det har vist seg at vitskapen over tid finn fleire ikkje-avian theropodar som er nært knytt til fuglar, det medfører at det tidlegare klare skiljet mellom ikkje-fuglar og fuglar vert meir utydeleg. Nyare funn i Liaoning-provinsen nordaust i Kina syner at mange små theropode dinosaurar hadde fjør, det bidreg òg til denne utviskinga.Norell, Mark; Mick Ellison, Unearthing the Dragon: The Great Feathered Dinosaur Discovery. New York: Pi Press. (2005) ISBN 0-13-186266-9.
Tidleg evolusjon Fuglar utvikla seg i ei rekkje grupper under krittida.Chiappe, Luis M. Glorified Dinosaurs: The Origin and Early Evolution of Birds. Sydney: University of New South Wales Press. (2007) ISBN 978-0-86840-413-4. Mange grupper heldt fast på primitive eigenskapar, for eksempel tenner og vengeklør, sjølv om tenner heilt uavhengig gjekk tapt hos ei rekkje fuglar, inkludert moderne fuglar (Neornithes). Medan dei tidlege former som Archaeopteryx og Jeholornis arva den lange halen av bein frå forfedrane, utvikla meir avanserte fuglar forkorta hale med pygostyle bein for feste av halefjør i gruppa Pygostylia.
Den første store direkte utviklinga mot korthala fuglar var Enantiornithes eller «motsette fuglar». Dei har fått dette kallenamnet fordi skulderbeinkonstruksjonen var omvendt i forhold til det ein finn hos moderne fuglar. Enantiornithes tok plassen i ei rekkje økologiske nisjar, frå sandgravande kystfuglar og fiskeetarar til frøetarar og grupper som levde i tre. Meir avanserte utviklingslinjer spesialiserte seg på å ete fisk, som tilsynelatande måseliknande fuglar i underklassen av Ichthyornithes, «fiskefuglar».Clarke, Julia A. "Morphology, Phylogenetic Taxonomy, and Systematics of Ichthyornis and Apatornis (Avialae: Ornithurae) Bulletin of the American Museum of Natural History 286: 1–179. (September 2004) Ein biologisk orden av Mesozoic sjøfugl, Hesperornithiformes, vart så godt tilpassa fangst i marine miljø at dei mista flygeevna og vart primært vassfuglar. Trass i denne ekstreme spesialiseringa, representerer Hesperornithiformes nokre av dei næraste slektningane til moderne fuglar.
Klassifisering av moderne fuglar Dette er eit oversyn over biologiske ordenar i underklassen Neornithes, eller moderne fuglar. Lista i fuglefamiliar gjev ei detaljering med underliggjande familiar.
Underklasse Neornithes Paleognathae: Struthioniformes—strutsar, Rheiformes—nanduar, Tinamiformes—tinamuar, Casuariiformes—kasuarfuglar, Apterygiformes—kiviar Neognathae: Klade Galloanserae er Anseriformes—andefuglar og Galliformes—hønsefuglar Klade Neoaves er alle andre ordenar, sjå kladogram under for liste av alle ordenar
Kladogram, fuglar
Utbreiing Fuglar lever og hekkar på dei fleste terrestriske habitat på alle sju kontinent. Lengst sør lever snøpetrellen. Han dannar hekkekoloniar så langt sør som opptil 440 kilometer inn i Antarktika.Brooke, Michael, Albatrosses And Petrels Across The World. Oxford: Oxford University Press. (2004) ISBN 0-19-850125-0. Det høgste artsmangfaldet av fuglar oppstår i tropiske område. Tidlegare meinte ein at det høge mangfaldet var eit resultat av høg rate av spesialiseringar i tropane, men nyare studiar har funne endå høgare spesialiseringsrater på høgare breiddegrader, men dei blir meir enn motverka av høgare utryddingsrate enn i tropane.Weir, Jason T.; Dolph Schluter The Latitudinal Gradient in Recent Speciation and Extinction Rates of Birds and Mammals. Science 315 (5818): 1574–76 (March 2007) Fleire familiar av fuglearter har tilpassa seg liv både på verdshava, og på hava finst sjøfuglartar som berre kjem til land for å hekke.Schreiber, Elizabeth Anne; Joanna Burger Biology of Marine Birds Boca Raton: CRC Press. (2001) ISBN 0-8493-9882-7. Pingvinar har ein registrert under dukk ned til 300 meters djupne.Sato, Katsufumi; Y. Naito, A. Kato et al. Buoyancy and maximal diving depth in penguins: do they control inhaling air volume? Journal of Experimental Biology 205 (9): 1189–1197. (May 2002)
Mange fuglearter har etablert livsdyktige populasjonar i område der dei har blitt introdusert av menneske. Somme av desse introduksjonane har vore medvetne. Fasan, for eksempel, er innført i heile verda som ein jaktfugl.Hill, David; Peter Robertson The Pheasant: Ecology, Management, and Conservation Oxford: BSP Professional. (1988) ISBN 0-632-02011-3. Andre som for eksempel etablering av munkeparakitt i mange nordamerikanske byar er utilsikta etter at dei har kome seg ut frå fangenskap.Spreyer, Mark F.; Enrique H. Bucher Monk Parakeet (Myiopsitta monachus) The Birds of North America Cornell Lab of Ornithology (1998) Somme artar som kuhegre,Arendt, Wayne J. Range Expansion of the Cattle Egret, (Bubulcus ibis) in the Greater Caribbean Basin Colonial Waterbirds 11 (2): 252–62 (1988) kremkarakaraBierregaard, R.O. Yellow-headed Caracara. in Josep del Hoyo, Andrew Elliott & Jordi Sargatal (red.). Handbook of the Birds of the World. Volume 2; New World Vultures to Guineafowl. Barcelona: Lynx Edicions. (1994) ISBN 84-87334-15-6. og rosenkakaduJuniper, Tony; Mike Parr Parrots: A Guide to the Parrots of the World London: Christopher Helm. (1998) ISBN 0-7136-6933-0. har spreidd seg langt utover sine opphavlege område etter kvart som landbruket skaper nye passande habitat.
Anatomi og fysiologi mini|300px|høgre|Ytre anatomi for ein fugl med terminologi for kroppsdelar og somme fjørparti Samanlikna med andre virveldyr, har fuglar ein kroppskonstruksjon som viser mange uvanlege tilpassingar, for det meste for å legge til rette for flyging.
Skjelettet består av særs lette bein. Det har store luftfylte holrom som er kopla til andedrettssystemet, kalla pneumatiske hòl.Ehrlich, Paul R.; David S. Dobkin, and Darryl Wheye (1988). Adaptations for Flight. Birds of Stanford. Stanford University. Lese 27. mars 2009. Basert på The Birder's Handbook (Paul Ehrlich, David Dobkin, and Darryl Wheye. 1988. Simon and Schuster, New York.) Kraniet er samanvakse og har ingen skøytar, suturar. Augehola er store og skilt av ein beinvegg, septum. Ryggsøyla har halsdel, brystdel, hoftedel og bakparti. Talet på halsvirvlar varierer frå art til art. Virvlane lengst bak har vakse saman med bekkenet og dannar synsacrum. Ribbeina er utflata, brystbeinet særs stort og er feste for kraftige flygemusklar. Framlemmene er modifisert til venger.Skeleton of a typical bird. Fernbank Science Center's Ornithology Web. Lese 27. mars 2009