Vatne er ein tettstad i Haram kommune i Møre og Romsdal. Vatne har tidlegare òg vore ein kommune. Tettstaden har og ligg ved botn av Vatnefjorden og sørvestover til botn av Grytafjorden, der Eidsvik og Tennfjord òg vert rekna med til tettstaden av Statistisk sentralbyrå. Vatnetvatnet ligg ved tettstaden.
Her ligg Vatne kyrkje frå 1868. __TOC__
Vatne kommune Vatne var del av Skodje formannskapsdistrikt. 1. januar 1902 vart Vatne etablert som eigen kommune med 1 547 innbyggjarar ved at Skodje kommune vart deld. 1. januar 1965 vart det meste av Vatne (utom Dryna og området på Miøya) med 2 260 innbyggjarar, delar av Sandøy kommune, det meste av Haram og delar av Borgund, slege saman til den nye Haram kommune. Dryna og Miøya i Vatne vart samstundes slege saman med Sør-Aukra kommune til den nye Midsund kommune. Dei to krinsane frå Vatne hadde ved samanslåinga 334 innbyggjarar.
Sjå òg Tettstader i Møre og Romsdal
Kjelder
SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Møre og Romsdal»
Kategori:Geografi i Haram Kategori:Tettstader i Møre og Romsdal Kategori:Tidlegare kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Norske kommunar skipa i 1902 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1965