Abakan (russisk Абака́н, frå det khakasiske ordet for «bjørneblod») er ei elv i republikken Khakasia og Krasnojarsk kraj i Russland og ei av sideelvane til Jenisej frå venstre. Elva er 514 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 400 m³/s.
Abakan oppstår der elvane Bolsjoj Abakan og Malyj Abakan renn saman vest i Sajanfjella og renn nordaustover gjennom Minusinsksenkinga til byen Abakan, der ho munnar ut i Krasnojarsk-reservoaret i Jenisej.
Elva vart nytta til tømmerfløyting og irrigasjon. Sideelva Ona er kjent den beste elva i Khakasia for rafting.
Utanom republikkhovudstaden Abakan ligg òg byen Abaza ved Abakanelva.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Abakan (elv)» frå , den 28. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Krasnojarsk kraj Kategori:Elvar i Khakasia