Batnfjordsøra er ein tettstad og administrasjonssenteret i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg inst i Batnfjorden og har .
Batnfjordsøra ligg ved europaveg 39, omtrent midtvegs mellom Molde og Kristiansund. Fylkesveg 666 tar av frå europaveg 39 ved Batnfjordsøra, og går via Torvikbukt til Eidsvåg.
Batnfjordsøra har daglegvarebutikkar, grunnskule, idrettsbane og noko småindustri. Den lokale kyrkja er Øre kyrkje frå 1865, som ligg ved Skeisdalen nordaust for Batnfjordsøra.
Bilete frå Batnfjordsøra
Kjelder
Kategori:Geografi i Gjemnes Kategori:Tettstader i Møre og Romsdal Kategori:Kommunesenter i Møre og Romsdal