Torvild Aakvaag () var generaldirektør i Norsk Hydro. Saman med generaldirektør i ÅSV, Håkon Sandvold, var han medverkande i fusjonsprosessen som førte til at Hydro Aluminium vart oppretta i 1986.

Aakvåg er jurist, han vart cand.jur. i 1949 og arbeida deretter som politifullmektig og dommarfullmektig. I 1951 vart han teke opp som aspirant i utanrikstenesta. Han var attaché ved ambassaden i Paris og jobba i UD til 1956, då han vart tilsett som jurist i Norsk Hydro. Frå 1964 arbeida han tre år som advokat og vart høgsterettsadvokat, og i 1967 vart han leiar for den juridiske seksjonen i Norsk Hydro. Frå denne stillinga gjekk han til oljedivisjonen i 1970, han vart administrerande direktør i 1975 og generaldirektør etter Johan B. Holte i 1982, ei stilling han hadde til Egil Myklebust overtok i 1991.

I 1989 vart Aakvaag kommandør av St. Olavs Orden for si teneste i norsk industri og oljeverksemd.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Torvild Aakvaag» frå , den 1. november 2008. oppgav desse kjeldene: Hvem Hva Hvor 1990 ISBN 82-516-1267-5

Bakgrunnsstoff Om Torvild Aakvaag hos Energilink

Kategori:Norske juristar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Bærum Kategori:Norske næringslivsleiarar