Tavdaelva (russisk Тавда) er ei elv i Sverdlovsk og Tjumen oblast i Russland og ei av sideelvane til Tobol frå venstre. Elva er 719 km lang og har eit nedslagsfelt på .
Elva oppstår ved samløpet av elvene Lozva og Sosva. Elva har ei middelvassføring på 440 m³/s, ved Tavda, 237 km frå munningen (minimum i mars med 65 m³/s, maksimum i juni med 1200 m³/s). I det nedre løpet er elva rundt 270 m bred, 4 m djup og med ein straum på 0,4 m/s.
Tavda frys til tidleg i november og er isdekt til slutten av april. Den største sideelva hennar er Pelym (russisk: Пелым). Tavda er farbar for båtar, og vert nytta til tømmerfløyting.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tavda (elv)» frå , den 1. november 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Sverdlovsk oblast Kategori:Elvar i Tjumen oblast