Anjuj (russisk Анюй) er ei elv i Tsjukotka og Sakha i Russland og ei av sideelvane til Kolyma frå høgre. Elva er 738 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 650 m³/s.
Anjuj munnar ut i deltaområdet til Kolyma, berre om lag 100 km frå munningen til sjølve Kolyma. Anjuj oppstår der elvane Bolsjoj Anjuj og Malyj Anjuj renn saman, like før Anjuj munnar ut i Kolyma. Sjølve Anjuj er derfor i røynda ikkje meir enn om lag 20 km lang.
Anjuj kan vere islagd i opp til ni månader av året. Området er dekt av tundra, myrer og små innsjøar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Anyuy River (Sakha)» frå , den 2. november 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Tsjukotka Kategori:Elvar i Sakha