Indigirka (russisk Индиги́рка) er ei elv i Sakha i Russland. Elva er 1726 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 1810 m³/s.
Ho munnar ut i Aust-Sibir-havet. Indigirika frys til i oktober og er islagd til mai eller juni. Elva er rik på fisk. Dei viktigaste byane langs elva er Khonuu, Druzjina, Tsjokurdakh, Tabor. Det føregår leiting etter og utvinning av gull i nedslagsfeltet hennar
Historie Den isolerte landsbyen Russkoje Ustje, som ligg nær munningen til Indigirika i Nordishavet, er kjend for den unike tradisjonelle kulturen til dei russiske innbyggjarane. Forfedrane deira kom til staden for fleire hundreår sidan.
I 1892-1894 utførte Baron Eduard Von Toll geologiske undersøkingar rundt Indigirika, i tillegg til andre elvar i området, på vegne av Det russiske vitskapsakademiet. I løpet av eitt år og to dagar dekte ekspedisjonen 25 000 km.
Sideelvar Kujdusun, Kjuente, Elgi, Nera, Moma, Badjarikha, Selenijakh og Ujandina.
Deltaet Der Indigirka renn ut i Aust-Sibir havet har det vorte laga eit stort delta med mange kanalar og flate øyar.
Dei største øyane er (frå vest mot aust): Usun-Ary , som er 12 km lang og 2.7 km brei. Uparovskij er kring 2 km lang og 1 km brei. Ploskij , kring 3 km lang. Bolshoj Fedorovskij er 6 km lang og opp til 4 km brei. Vkhodnoj and Olenij er to øyar som båe er kring 4 km lange Krestovj , 6 km langog 1.6 km brei.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Indigirka» frå , den 3. november 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Sakha