Niccolò Paganini () var ein italiensk komponist, fiolinist og gitarist. Han var fødd i Genova og døydde i Nice.

Paganini er ein av dei mest berømte fiolinvirtuosane. Han hadde stor innverknad på utviklinga av fiolinteknikken. Nicolo Paganini komponerte sjølv stykka han framførte. Dei vart medvite laga teknisk svært vanskelege, og slik at dei skulle imponere publikum. Dette gjaldt også gitarstykka han laga.

Kjende verk Variasjonar over God Save The King 24 Capricci Fiolinkonsert nr 1 Fiolinkonsert nr 2 Fiolinkonsert nr 3 Le Streghe (Heksedans)

Bakgrunnsstoff

Kategori:Italienske komponistar Kategori:Italienske fiolinistar Kategori:Italienske gitaristar