Centerpartiet er eit politisk parti i Sverige. Ideologisk kallar Centerpartiet seg for eit grønt sosialliberalt parti. Partiet er medlem i Alliansen av Liberale og Demokratar for Europa (ALDE) og Det europeiske liberale, demokratiske og reformpartiet. Det deltek i ALDE-gruppa i Europaparlamentet.

Sidan 2. februar 2023 har Muharrem Demirok vore leiaren i partiet, som tok over etter Annie Lööf.

Historie Historisk har Centerpartiet vore rekna som eit systerparti av det norske Senterpartiet. Som det norske partiet har det sitt opphav i bondeorganisasjonar, og heitte Bondeförbundet frå stiftinga i 1913 fram til 1957. Partiet hadde ei stordomstid på 1970-talet – det var det nest største partiet i Sverige ved riksdagsvala frå 1968 til 1976. Frå 1976 gjekk oppslutninga nedover ved kvart riksdagsval fram til 1998. Sidan vart det gjort mykje for å snu denne utviklinga. Etter valet i 2002 konkluderte partiet med at folk hadde eit uklårt bilete av kva Centerpartiet stod for, og at mange trudde det var imot utvikling og framsteg. Difor sette det seg som mål å bli oppfatta som «moderne, positivt, eintydig og utfordrande.» Den nye strategien har hatt ein viss suksess, med auka oppslutning ved dei to siste riksdagsvala. Partiet har mellom anna fått fleire veljarar i byane.

I den siste tida har avstanden til det norske Senterpartiet auka.http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1452738.ece Det svenske Centerpartiet er til dømes positivt til EU, seier ja til ei felles EU-grunnlov og ynskjer eit føderalt Europa. Det var likevel mot svensk deltaking i den monetære unionen (euro-sona). Som det norske Senterpartiet har det svenske ein sterk distriktsprofil, men det ynskjer frihandel som eit middel for å hjelpa fattige land ut av fattigdomen, i staden for tollmurar. På 2000-talet har partiet gått inn for føderalisme, både på europeisk og nasjonalt nivå. Centerpartiet har samarbeidd med sosialdemokratane før, men no står partiet klårt på den borgarlege sida. Det har definert seg som eit sosialliberalt parti og er medlem i Det europeiske liberale, demokratiske og reformpartiet. Partiet vert no rekna som eit systerparti av det norske Venstre.

Frå 2006 til 2014 var det eit av fire parti i den borgarlege koalisjonsregjeringa i Sverige. Ved riksdagsvalet i 2010 vart det det femte største partiet, med 6,6 % av røystene og 23 representantar i Riksdagen (av 349).

Oppslutning ved riksdagsval (som Bondeförbundet frå 1921 til 1957) Årstal Mandat Røyster2022246,7 %2018318,6 % 2014 22 6,1 % 2010 23 6,6 % 2006 27 7,9 % 2002 22 6,2 % 1998 18 5,1 % 1994 27 7,7 % 1991 31 8,1 % 1988 42 11,3 % 1985 4412,4 % 19825615,5 % 1979 64 18,1 % 1976 8624,1 % 1973 9025,1 % 1970 7119,9 % 1968 3915,7 % 1964 36 13,4 % 1960 3413,6 % 1958 3212,7 % 1956 19 9,5 % 1952 26 10,7 % 1948 3012,4 % 1944 3513,6 % 1940 2812,0 % 1936 3614,3 % 1932 3614,1 % 1928 2711,2 % 1924 2310,8 % 1921 2111,1 %

Systerparti Noreg: Senterpartiet / Venstre Finland: Centern Åland: Centern Island: Framsóknarflokkurinn Polen: Folkepartiet (Polskie Stronnictwo Ludowe)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Svenske politiske parti Kategori:Sentrumsparti Kategori:Liberale parti Kategori:Skipingar i 1913