Melhus kyrkje i Melhus i Trøndelag, er ei krosskyrkje i stein frå 1892 teikna av Carl Julius Bergstrøm.
Til venstre for altartavla heng eit måla portrett, rekna som Petter Dass sitt portrett , truleg måla i 1684 av ein ukjend kunstnar.
Historie Melhus prestegjeld hadde i 1589 to prestar og fem kyrkjer. Melhus kyrkje var hovudkyrkje med annekskyrkjer i Leinstrand, Flå, Grøtan og Kolbrandstad og to i Hølonda. Kolbrandstad kyrkje vart riven midt på 1600-talet. Ved kgl.res. 6. mars 1889 vart det tillate å rive den gamle steinkyrkja i Melhus hovudsokn og byggje ei ny kyrkje på same tomt.
Historikaren Gerhard Schøning skreiv etter ei vitjing i Melhus kyrkje: «Ved den søndre Siide af Indgangen til Choret, staaer et Epitaphium som K a r e n, A n d e r s H e l k a n d t s, har ladet sætte, over sine Forældre og Børn.»
Dette «Epitaphium» hang i gammalkyrkja i Melhus. Det vart ikkje flytta over til nykyrkja då den gamle mellomalderkyrkja vart riven i 1890, men vart i staden sett unna på garden Søndre Melhus. Her stod tavla til 1899.
Prestegårdslåna Prestegårdslåna, som ligg rett sør for kyrkja, var rivingstrua på 1990-talet til ho vart freda av Riksantikvaren. Bygningen er i dag i eiga til Stiftelsen Prestegårdslåna i Melhus.
Bakgrunnsstoff
Kyrkjesøk
Prestegårdslåna i Melhus
Kategori:Kyrkjer i Melhus Kategori:Norske kyrkjer frå 1892 Kategori:Kyrkjer i Gauldal prosti Kategori:Bygningar teikna av Carl J. Bergstrøm Kategori:Kulturminne i Melhus