Slåttespelet i Krødsherad har tradisjonelt vore nærskyldt spelet i nedre Hallingdal. Spelestilen her er likevel særeigen, og slekter like mykje på Numedal og Sigdal. Dette skuldast den eineståande stillinga kommunen har som møtestad for folk som skulle nord- og søretter, eller aust- og vestetter.

Spelet i Krødsherad er dokumentert og samla av kryllingen Truls Ørpen. Det meste av spelet er etter Johan Kleven og Wilhelm Sorteberg. Her er lista opp dei slåttane som ikkje høyrer inn under dei større slåttekrinsane.

Gangarar

6/8:

4: Gangar, etter Wilhelm Sorteberg . 5: Gangar, etter Johan Kleven . 6: Gangar, etter Andres Vinna . 7: Gangar, etter Andres Vinna . 11: Gangar, etter Wilhelm Sorteberg . 12: Gubben i Norefjell, av og etter Wilhelm Sorteberg .. 13: Gangar frå Krødsherad, etter Ole Skogly .. 15: Gangar, etter Johan Kleven . 22: Gangar, etter Kittil Flaglien .

2/4:

51: Gamal Halling, etter Andres Vinna . 52: Halling frå Krødsherad, etter Johan Kleven .

Springarar

187: Vesle Tørjer, etter Johan Kleven . 188: Knut Fosslia, etter Johan Kleven . 189: Plassen, etter Andres Vinna . 190: Springar, etter Johan Kleven . 191: Springar, etter Johan Kleven . 192: Springar, etter Wilhelm Sorteberg . 193: Ruingen, etter Johan Kleven . 194: Klevens drøm, etter Johan Kleven . 195: Å kjeka nord, å kjeka sør, etter Gunnar Ørpen . 196: Springar, etter Johan Kleven . 197: Springar, etter Johan Kleven . 198: Dyrhovden, etter Johan Kleven . 199: Dauv-Hans, etter Johan Kleven . 200: No må du vera ledug og mjuk, etter Johan Kleven . 201: Springar, etter Ole Skogly . 202: Springar frå Krødsherad, etter Ole Skogly . 204: Springar, etter Kittil Flaglien . 206: Springar frå Krødsherad, etter Kittil Flaglien . 248: Sortebergen, etter Wilhelm Sorteberg .

Slåttegrupper tilknytte Krødsherad

Skrylte-Hans

Hardingfeleverket nr 372. Namnet er sett på slåtten i Telemark, men slåtten kjem frå Krødsherad. Slåttenamnet viser til ein kar med Pukkelrygg eller skrull. Myllarguten skal ha lært slåtten i Krødsherad og teke han med seg attende til Telemark.

a: Springar, etter Johan Kleven. Nedskrift Truls Ørpen 1918. Kleven hadde slåtten etter far sin, Gamle-Kleven, som truleg hadde han frå Knut Fosslia. b: Skrylte-Hans, etter Øystein Hovdestad. Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 380). Hovdestad hadde slåtten etter faren, som fekk han frå Myllarguten.

Den søte Mjølkevellinga

Hardingfeleverket nr 409. Slåtten har og vandra til Numedal. Namnet er etter eit slåttestev.

a: etter Gunnar Dokka, Flesberg. Nedskrift Truls Ørpen 1926 (Ø 44). Dokka hadde slåtten frå far sin, Knut Dokka, som hadde han frå Knut Fosslia i Krødsherad. b: etter Johan Kleven. Nedskrift Truls Ørpen 1921 (Ø 17). Kleven hadde slåtten etter far sin, Gamle-Kleven.

Springar/Sigdalsspringar

Hardingfeleverket nr 410. Ein variant frå Krødsherad og ein frå Sigdal. Dei to formene er svært like.

a: etter Johan Kleven. Nedskrift Truls Ørpen 1926 (Ø 25). Kleven hadde slåtten etter far sin, Gamle-Kleven. b: etter Nils Stubberud, Sigdal. Nedskrift Eivind Groven (G 1168).

Springar

Hardingfeleverket nr 411. Båe formene er skrivne ned av Truls Ørpen, og kjelda er Johan Kleven i båe nedskriftene. Han lærte båe formene av far sin, Ole Kleiva (Gamle-Kleven). Variant a er skriven ned i 1927 (Ø 140), og variant b i 1922 (Ø 40). Skilnaden mellom formene er at variant a går på nedstilt bass. Veka er dei same i båe høva.

Kategori:Norske slåttar