Svitavy er ein by og ein kommune med utvida fullmakter i distriktet Svitavy okres i regionen Pardubice kraj i Tsjekkia med om lag 16 000 innbyggjarar.
Historie Byen vart grunnlagd rundt 1150 då munkar sette opp ei kyrkje her og det voks opp ein landsby rundt kyrkja. Eit hundreår seinare flytta tysktalande nybyggjarar til området. Frå 1256 var Svitavy underlagd biskopane av Olomouc. Byen har vorte øydelagd to gonger, under trettiårskrigen vart byen rasert, og i 1781 førte eit uhell til at byen brann til grunnen. I 1866 vart det arrangert våpenkvile her under den austerriksk-prøyssiske krigen.
I 1930 var 88,4 % av innbyggjarane i byen tyskarar, men etter den andre verdskrigen vart tyskarane drivne bort.
Administrativ inndeling
Då distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret til distrikta ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP). Svitavy er ein slik by med utvida fullmakter.
Kommunar Det administrative området til Svitavy omfattar 28 kommunar. Av desse er 2 byar (tsjekkisk město) og ein marknadsby (tsjekkisk městys). Bykommunar er utheva med halvfeit skrift og marknadsbyar med kursiv skrift.
Folketal Folketalet i det administrative området i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Svitavy SO 31 844 31 075 30 246
Kommunar Dei største kommunane i det administrative området: Kommune Folketal 2021 Svitavy 16 242 1 611 Březová nad Svitavou 1 566 1 211 1 126 1 113
Byar og tettstader Dei største tettstadene i det administrative området: Tettstad Folketal 2021 Svitavy 9 412 Lány 5 803 1 611 Březová nad Svitavou 1 566 1 126 1 113 1 027
Bydelar i Svitavy Bydelane og tettstadene i Svitavy: Bydel/tettstad Folketal 2021 Svitavy-Město 518 Předměstí 8 894 Svitavy by 9 412 1 027 Lány 5 803 Svitavy kommune 16 242
Bakgrunnsstoff Offisiell nettside Bymuseum Kort historie
Merknader
Kjelder
Svitavy Svitavy Svitavy