Bakka kyrkje står i grenda Bakka ved Nærøyfjorden, i Aurland kommune i Vestland.

Kyrkja er soknekyrkje i Nærøy sokn i Sogn prosti og er ei trekyrkje frå 1859. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg kyrkja i Aurland prestegjeld.

Bygget er teikna av Christian Heinrich Grosch og er lite endra sidan ho var ny. Dette er den fyrste kyrkja på staden og ho vart sett opp på Bakka fordi det var midt i soknet. Før ho vart bygd sokna folket ved Nærøyfjorden og i Nærøydalen til Undredal stavkyrkje i Undredal ved Aurlandsfjorden.

Altartavla frå 1907 er måla av Nils Bergslien og har ramme skoren av Magnus Dagestad. Ho viser Jesus i Getsemane.

Nærøy sokn er eit av dei minste i folketal, og det er såleis ikkje så mange som soknar til kyrkja. På den andre sida er kyrkja truleg mellom dei mest fotograferte i landet, der ho ligg så lageleg plassert for dei mange med fotoapparat om bord på turistbåtane som fer på Nærøyfjorden.

Galleri

Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Kjelder

«Kyrkjene i Nærøyfjorden» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Bakka kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Eldre fotografi av Bakka kyrkje på nettstaden til Nasjonabiblioteket Fotografi av Bakka kyrkje teke av Knud Knudsen i sist halvdel av 1880-åra Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen

Kategori:Kyrkjer i Aurland Kategori:Christian H. Grosch Kategori:Kyrkjer i Sogn prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1850-åra Kategori:Kulturminne i Aurland Kategori:1859 i Noreg